Bandet stod på scena både fredag og laurdag på køntrifestivalen. Natt til søndag forsvann tjuvar med ein kvit Fender Stratocaster el-gitar. Eigaren vil vurderer verdien på gitaren til mellom sju og ti tusen kroner, men tapet av gitaren får økonomiske følgjer for andre enn han sjølv.

– Eg samla autografar på gitaren fordi eg skulle auksjonere han bort og gi pengane til stiftelsen Casa Emanuel, som jobbar med gatebarn i Brasil, fortel Norvall Klungresæter.

God gitar

Tanken var å samle nok autografar så gitaren vart eit samleobjekt, som dermed ville få inn meir pengar til den veldedige organisasjonen. Men gitaren var meir enn ein pyntegjenstand.

– Det er ein god gitar eg har spelt mykje på, og eg ville jo hatt han tilbake uansett. Det blei likevel litt ekstra spesielt når det var akkurat denne gitaren som vart stolen, seier Klungresæter.

Gitaren kan lett kjennast igjen på logoen til Casa Emanuel, som er festa frampå. Dei mange autografane er skrivne på med tusj, og tjuvane kan derfor vaske dei bort. Med gitaren forsvann ein svart, soft skulderbag. Tjuveriet er meldt i dag, og tips kan gis til politiet.

Casa Emanuel

Inger B. Harrington flytta frå Ålesund til Brasil i 1988 og starta Casa Emanuel for å hjelpe gatebarn. Organisasjonen vart gjort til ein stiftelse i 1997.