Gå til sidens hovedinnhold

Til sjukehus etter utforkøyring

Artikkelen er over 13 år gammel

Ei kvinne i 60-åra er send med luftambulansen til Førde sentralsjukehus, etter ei utforkøyring på ved Stårheim i Nordfjord.

Det er førebels ikkje kjent kor mykje kvinna har kome til skade.

Ifølgje politiet skal kvinna ha vore åleine i bilen, som først køyrde i grøfta og deretter velta og hamna på taket.

- Årsaka til utforkøyringa er enno ikkje klarlagt, seier operasjonsleiaren ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Uhellet skjedde litt før kl 15. Ambulansepersonell og politi rykte ut, og trafikken måtte ei tid dirigerast forbi staden.