For få timar sidan opna landbruksminister-og matminister Lars Peder Brekk Vågen Minikraftverk AS på Vågen i Sande.

Kraftverket kosta 6,8 millionar kroner og har ein middelproduksjon på 2,8 GWh.

Dei to eigarane, Harald Vågen og Jakob Øvrestrand fekk ministeren til bords etter opninga, og Øvrestrand var klar i si tale:

– Opninga av kraftverket i dag er det største som har skjedd her på garden.

Etter den offisielle opninga av kraftverket, reiste ministeren vidare til Noss gard. Der venta ei omvising på garden til Arnfinn Noss som driv ei grøn omsorg-verksemd.