Temperaturen ned 22 grader på ei veke

Foto:

Av
Artikkelen er over 11 år gammel

Frå vårlege temperaturar til bitande vinterkulde frå i morgon til neste onsdag.

DEL

I løpet av den kommande veka skal temperaturen svinge frå 8 plussgrader til 14 minusgrader på Sandane.

Kommunesenteret i Gloppen er saman med Høyanger og Nordfjordeid dei stadene i fylket som opplever den største temperatursvinginga dei kommande sju dagane.

I Høyanger og Nordfjordeid skal temperaturen ifølgje prognosane til yr.no svinge frå 9 grader i morgon til minus 13 neste onsdag.

- Det er ei veldig temperatursvinging. I natt kjem det inn eit lavtrykk med varm luft og store nedbørsmengder, og det vil halde seg mildt utover veka. Til helga og dagane etter skiftar vi totalt vêrtype og får eit høgtrykk med avkjøling, fortel vakthavande meteorolog Reidun Holmøy ved Vêrvarslinga på Vestlandet.

20 med 16 graders fall

Ein gjennomgang av yr.no sin langtidsprognose for vêret i kommunesentra i Sogn og Fjordane, viser at 20 av dei 26 stadene får eit temperaturfall på minst 16 grader. Ti av kommunesentra får eit temperaturfall på 20 grader eller meir.

- Så store temperaturfall i løpet av ein så kort periode er nokså uvanleg i løpet av eit år, men dei skjer på grunn av ein naturleg variasjon mellom blautt og varmt vêr og kaldt og tørt vêr, seier Holmøy.

Ho understrekar at det førebels berre er snakk om prognosar, som vert meir og meir usikre frå laurdag og utover.

Temperaturprognosar

Slik er temperaturprognosane i kommunesentra for onsdag 5.12 og onsdag 12.12:

Onsdag 5.12

Onsdag 12.12

Gloppen

8 grader

-14 grader

Førde

8 grader

-10 grader

Jølster

7 grader

-13 grader

Lærdal

8 grader

-12 grader

Sogndal

6 grader

-12 grader

Florø

9 grader

-2 grader

Måløy

9 grader

-4 grader

Naustdal

9 grader

-9 grader

Aurland

8 grader

-11 grader

Nordfjordeid

9 grader

-13 grader

Fjaler

9 grader

-7 grader

Balestrand

8 grader

-13 grader

Askvoll

9 grader

-2 grader

Bremanger

9 grader

-10 grader

Gaular

8 grader

-11 grader

Gulen

9 grader

-2 grader

Hornindal

8 grader

-13 grader

Hyllestad

9 grader

-5 grader

Høyanger

9 grader

-13 grader

Leikanger

7 grader

-12 grader

Luster

4 grader

-12 grader

Selje

9 grader

-7 grader

Solund

9 grader

2 grader

Stryn

8 grader

-12 grader

Vik

8 grader

-12 grader

Årdal

7 grader

-13 grader

Artikkeltags