Gå til sidens hovedinnhold

Tek i bruk nye ambulansar

Artikkelen er over 12 år gammel

Fem nye ambulansar blir fordelt over heile fylket.

Bilane Helse Førde tek i bruk i desse dagar, erstattar slitne ambulansar med lang tenestetid.

– Både komforten for pasientane og arbeidssituasjonen for dei tilsette skal no bli vesentleg betre, opplyser ambulansesjef Stian Sægrov.

Stasjonane som får nye bilar i denne omgang er Stryn (2 bilar), Gulen (2) og Lærdal. I Selje blir den gamle ambulansen skifta ut med ein nyare modell.

Ny tobåreambulanse

Før årsskiftet tek ambulansetenesta også i bruk ei ny tobåreambulanse som primært vil køyre overflyttingsoppdrag mellom Førde sentralsjukehus og Haukeland universitetssykehus. Dette gir rom for omdisponeringar som fører til at det i Nordfjord blir to tobåreambulansar tilgjengeleg over nyåret, opplyser Helse Førde i ei pressemelding.