-Synd at symbola er så dyre!

Av
Artikkelen er over 13 år gammel

-Eg er nynorskmenneske. Det er berre så synd at eit symbol skal vere så dyrt! sukka ordførar Bente Steindal då Flora formannskap drøfta utmelding av Landssamanslutninga av nynorskkommunar, LNK.

DEL

Rådmannen hadde teke oppsaka fordi han meinte kommunen får lite att for årskontingenten på 10000 kroner. Det er dessutan to års utmeldingsfrist, og Arbeidarpartet meinte som rådmannen at pengane kunne vore brukt til andre ting.

Men i formannskapet var det mange som hadde motførestilingar mot å melde nynorskkommunen Flora ut av LNK, sjølv om rådmannen streka under at ei slik utmelding ikkje hadde noko med vedtaket om at kommunen har nynorsk som administrasjonsspråk å gjere. Det var nytteverdien av medlemskapet han var tvilande til.

Det var neppe på grunn av nytteverdien at kommunen i si tid meldte seg inn. Dette er symolpolitikk, og av og til er symbol viktig. Viss ikkje den største nynoirkskommune i det største nynorskfylket vil vere med, kven skal då vere med? spurde Hilde Kvamsås Aa, SV.

Medlem både hist og pist

-Eg kan i utgangspunktet vere samd. Det er berre så synd at symbol skal vere så dyre, sa Steindal. Enden på visa vart at formannskapet ikkje tok stilling til medlemskapen i LNK i det heile. I ville formannskapet få ei oversikt over kva slags medlemskap kommunen har i ulike organisasjonar og sjå på desse i ein samanheng. Ordøfaren var glad for at ein kunne fp ei oversikt og eventuelt få rydda opp i medlemskapsjungelen.

Vi har sikkert medlemskap både hist og pist, og 10000 her og 1000 kroner der vert fort mykje pengar, sa Steindal.

Artikkeltags