Politiet fekk i morgontimane melding om eit trafikkuhell ved Øyra i Dale der ein syklist og ein bil var innvolvert. Syklisten, som var ein 12 år gamal gut, er sendt til Førde sentralsjukehus til observasjon.
Politiets operasjonssentral opplyser om at bilen skulle svinge til venstre i eit kryss ved Svehaugen, og kolliderte då med syklisten, som kom syklande imot. Syklisten vart lettare skadd etter samanstøyten.
Bilføraren, som er ei kvinne i 40-åra, fekk førarkortet kverrsett etter kollisjonen.