Svolten på<br/> meir politikk

Av
Artikkelen er over 15 år gammel

Samlingslista i Gaular vert vidareført, og på topp står Per Kjelstad (60).

DEL

Gaular-ordføraren er stadig lysten på politikk.

– Ja, så merkeleg det enn høyrest ut, så er eg det. Eg har ikkje gått meg trøytt, sjølv om det har vore tider då politikken har vore meir lystbetont.

Det er kanskje vel så viktig å stå på i tider som no, om ein trur ein har noko å tilføre, seier Kjelstad.

Viktig rolle

Folka bak Samlingslista som i si tid hadde Bygstad skule som kampsak, meiner lista har spelt ein viktig rolle i Gaular dei siste åtte åra.

– Vi meiner at vi har utvikla ein heilskapleg politikk i kommunen. Vi er ikkje avhengig av ei enkeltsak for å ha eit program og ei oppgåve, seier Kjelstad.

Både han sjølv og ein del andre i gruppa har tvilt seg fram i spørsmålet om å stille på nytt, men eit godt samarbeid og godt miljø i gruppa, og ei positiv stemning på møta har talt i positiv lei.

Folk villige

– Det har vore lett å få folk til å stille på lista. Vi har også fått ei liste med ein del nye og unge folk. Det talde også med i vurderinga.

– Det ville vore litt mindre meiningsfylt om det berre var oss gamle travarane som hadde bite seg fast og ikkje hadde forstand til å gje oss, ler Kjelstad.

Han veit ikkje kva parti kandidatane røystar på ved andre val.

På Samlingsliista er det personane som tel, men det skal utarbeidast eit forpliktande program som skal vere klart før ferien, opplyser Per Kjelstad.

Artikkeltags