SV-landsmøtet feira gruve-utsetjing

Miljøvernminister Bård Vegar Solhjell (t.h) hausta ros for Engebø-avgjerda si under SV-landsmøtet i helga. Biletet er frå ein pressekonferanse før landsmøtet.

Miljøvernminister Bård Vegar Solhjell (t.h) hausta ros for Engebø-avgjerda si under SV-landsmøtet i helga. Biletet er frå ein pressekonferanse før landsmøtet. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Miljøvernminister Bård Vegar Solhjell vart hylla for si mellombelse utsetjing av gruveplanane i Engebøfjellet.

DEL

Gå hausten i møte - BERRE 88 kr for 8 veker med papiravisa og alt innhald på nett

- For oss i Sogn og Fjordane SV var det ekstra kjekt å få reise til landsmøte for å seie takk for ei god avgjerd i Engebø-saka. Natur og Ungdom helste landsmøtet og takka miljøvernminister Bård Vegar Solhjell for god arbeid så langt, seier Vibeke Johnsen, stortingskandidat for SV i ei pressemelding.

SV-landsmøtet gav i helga full støtte til miljøvernministeren i Engebøsaka. Eit einstemmig landsmøte gjekk inn for strenge miljøkrav til næringa, og at arbeidet med å bygge kunnskap og teknologi om gruvedrift nasjonalt vert starta.

- SV vil stille strenge krav om sameksistens med natur, bumiljø og annan næringsverksemd, og ein må utvikle nye og miljøvenlege måtar å handtere avfall frå denne næringa, seier Ole Erik Thingnes.

- Landsmøtet vil ikkje opne for nye sjødeponi utan at det er eintydig godtgjort at det er miljømessig forsvarleg. Det må også utviklast nye måtar å handtere og minimere avfall frå denne næringa på, seier Thingnes.

Kunnskap og kompetanse må ligge til grunn for handtering av alle slike saker. Dette er viktig for delegatane frå Sogn og Fjordane, som har kjempa mot fjorddeponi i Førdefjorden.

- Dette er full uttelling for oss og Førdefjordsaka. Dette vil i praksis bety at SV ikkje vil tillate nye sjødeponi. Eksisterande deponi skal under lupa, og nye og miljømessig forsvarlege måtar å handtere restmassar må på plass, seier Vibeke Johnsen og Ole Erik Thingnes.

Artikkeltags