Sosialistisk Venstreparti har på nasjonalt plan vedteke ei fråsegn om å gå imot planane til Nordic Mining om rutilutvinning i Engebøfjellet i Naustdal.
- Vi har no fått eit landsstyrevedtak der SV seier nei til fjorddeponi og rutilutvinning i Engebøfjellet, seier Kristine Kopperud Timberlid, Sogn og Fjordane sin representant i landsstyret.
- Ikkje forsvarleg
Landsstyret er det øvste organet i partiet mellom landsmøta.
- Omsynet til miljø og verdifulle verneområde tilseier at prosjektet ikkje er forsvarleg. Rutilutvinninga vil kunne få store og uoversiktelege miljøkonsekvensar for villaksen og alt biologisk mangfald i fjorden, på havbruk, landbruk, dyreliv og ikkje minst for innbyggarane langs Førdefjorden, heiter det i fråsegna.
Timberlid fortel at fråsegna er eit resultat av engasjementet til Naustdal SV, miljørørsla og folkeaksjonen i Vevring.
Ingen motførestillingar
- Det var ingen motførestillingar mot å vedta denne fråsegna i landsstyret. Partiet har på landsplan vore godt informert om denne saka, seier ho.
Fylkesstyret i SV vedtok ei fråsegn mot gruveplanane i Engebøfjellet i februar.
- Det er ikkje ein fornuftig måte å drive industri eller næringsutvikling, seier Timberlid.
Ho meiner partiet står godt rusta til å kjempe mot at Nordic Mining får konsesjon til gruvedrift i Vevring, og trekkjer fram at SV har miljøministeren og eit stort apparat med kunnskap om saksfeltet.