SV går for nynorsk

Hege Lothe er leiar i Sogn og Fjordane SV

Hege Lothe er leiar i Sogn og Fjordane SV Foto:

Vil framleis ha to norskkarakterar

DEL

Supertilbod: 5 kr for alt innhald på nett i 5 veker

I helga har landsstyremøtet i SV gjort eit solid nynorskvedtak i saka om korleis sidemålsordninga skal sjå ut, seier leiar i Sogn og Fjordane SV Hege Lothe i ei pressemelding.

– Vi er veldig godt nøgde. Dette er eit solid vedtak som slår fast at ein framleis vil at elevane skal få eigen sjølvstendig karakter både i nynorsk og bokmål, seier Lothe.

Saka fekk nasjonal merksemd i vinter då Utdanningsdirektoratet gjorde det kjent at dei ville svekke sidemålsordninga.

– Vi i Sogn og Fjordane SV har arbeidd grundig med denne saka, og vi er veldig glade for at våre argument har blitt lytta til og nådd fram, seier Hege Lothe.

Ut på høyring

No skal norskfaget på høyring, og Lothe meiner det er viktig at fagmiljø i Sogn og Fjordane fylkeskommune, Høgskulen i Sogn og Fjordane og i skulane kjem med gode råd til kva slags norskfag nynorsken treng.

– Det er viktig å sikre nynorskelevane eit så godt grunnlag som mogleg i eige språk. Det vil gje eit godt bidrag til at elevane held på nynorsken, også gjennom vidare studiar eller i arbeidslivet, seier Hege Lothe.

Stad skipstunnel

Landsstyremøtet i helga vedtok samrøystes støtte til Stad skipstunnel. Dette er også eit veldig viktig vedtak for Sogn og Fjordane SV.

– For oss er det rett å prioritere miljøvennlege løysingar som jernbane og Stad Skipstunnel, seier Hallgeir Langeland, transportpolitisk talsperson i SV. Han set likevel eit vilkår for denne satsinga: I den vidare planlegginga må andre infrastrukturprosjekt i området bidra til at transport på sjø vert styrkt. Det vil mellom anna seie at ferjefri E 39 må reduserast i omfang.

Inn i sentrale utval

Magne Aardal, tidlegare leiar i Sogn og Fjordane SV, er vald til leiar for den førebuande valnemnda som skal innstille til nytt sentralstyre til landsmøtet i mars.

Hege Lothe, leiar i Sogn og Fjordane SV, har blitt vald inn i den førebuande redaksjonsnemnda for arbeidsprogrammet til landsmøtet.

Artikkeltags