Gyngehesten AS fekk tilsendt det som ser ut som ei vanleg rekning med eit krav på nesten 5000 kroner.

– Eg likar å vite kva det er eg betalar for. Då denne rekninga dukka opp, var det noko som ikkje stemte, fortel dagleg leiar Arne Berent Larsen.

Han har aldri hatt kontakt med firmaet tidlegare og ikkje kunne han forstå kva det var han skulle betale.

Eit kampanjetilbod

Det som tilsynelatande ved første augekast liknar ein heilt vanleg faktura, er berre eit kampanjetilbod som katalogselskapet Half N Half Media AS sender ut til ulike norske bedrifter.

Kampanjetilbodet har dei nærast kamuflert ved å utforme det som ein faktura med eit innbetalingsbeløp på 4950 kroner.

Tenesta ein skal betale for, er ei oppføring i bedriftskatalogen DinOpplysning.no.

Lett å gå i fella

– Etter det eg kan sjå, er det reint lureri.

Larsen trur metoden deira lett kan lure folk.

– Spesielt no på sommaren trur eg det vert sendt ut mykje av denne typen lureri og forsøk på svindel, meiner Larsen.

Sommaren betyr ofte ferievikarar og då er det ikkje alltid like enkelt å ha oversyn over kven som har bestilt kva. Då endar ein gjerne opp med å betale fakturaen.

Fleire har reagert

Det er ikkje berre Gyngehesten AS som har fått kampanjetilbod-fakturaen. Så tidleg som i vinter skreiv bt.no om fleire som hadde fått faktura frå det same firmaet tilsendt i posten.

Då vart det reagert på framgangsmåten til firmaet, og ein meinte også at firmaet opptrer uetisk.

Berre marknadsføring

Half N Half vil ikkje uttale seg på telefon til firda.

I eit informasjonsskriv på Din.Opplysning.no forklarar dagleg leiar i Half N Half Media AS, Thomas Hellenes, kritikken slik:

- Kampanjetilbodet er forfatta på ein giroblankett for å skape den auka merksemda vi treng som følgje av at vi ikkje har ein einaste aktiv telefonseljar hjå oss.

- Vi er klar over at vi driv med ei tøff marknadsføring, skriv Hellenes, som påstår at dei er førebudde på at marknadsføringsmetoden vil skape ein del uro.