Stuper på ny meiningsmåling

Bjørn Lødemel og Høgre får dramatiske tal i Sentios partibarometer. Stemmer målinga, har den eventyrlege medgangen i fylket snudd.

Bjørn Lødemel og Høgre får dramatiske tal i Sentios partibarometer. Stemmer målinga, har den eventyrlege medgangen i fylket snudd. Foto:

Artikkelen er over 6 år gammel

Høgre ned 11,5 prosentpoeng i fylket sidan juni.

DEL

Høgre er ikkje garantert ein knusande valsiger i Sogn og Fjordane. Sidan juni har partiet mist 11,5 prosent-poeng oppslutnad, ifølgje Sentios ferske partibarometer.

Målinga gir Høgre ein oppslutnad på 17,4 prosent. Dette er 5,3 prosentpoeng over valresultatet i 2009, men heile 11,5 prosent under oppslutnaden som vart målt i eit tilsvarande partibarometer for to månader sidan.

Tala samsvarar ikkje med resultata i ei anna fylkesdekkjande måling, som måndag vart presentert hos NRK/BT. Der kom Ap og Høgre kom ut som jamstore. Det uvanleg store spriket mellom samtidige målingar mot slutten av valkampen er vanskeleg å tolke. Partibarometeret vitnar mest av alt om at situasjonen kan vere meir open enn mange har rekna med, og at valnatta her i fylket kan bli svært spennande.

Sentios måling er teken opp for Firda, Firdaposten og Sogn Avis, ved at 600 personar er telefonintervjua i dagane 26.–29. august.

På offensiven igjen

Partibarometeret fortel at Ap er på offensiven og tilbake i posisjonen som fylkets største parti, føre eit Sp i vekst og eit Høgre som ifølgje Sentio har falle som ein stein sidan juni.

Det kjem også andre interessante trekk til syne: KrF har i dette partibarometeret gått fram med 4,4 prosentpoeng på to månader. Trude Brosviks parti passerer Frp i hårfint i oppslutnad, og plasserer seg som Sogn og Fjordanes fjerde største parti. Tek vi omsyn til feilmarginane, handlar det rett nok om jamstorleik. Ved valet i 2009 var Frp meir enn dobbelt så stort som KrF.

SV og Venstre ligg begge så vidt over fire prosent oppslutnad. SV ligg under valresultatet for fire år sidan, Venstre litt over, og ingen av dei har utslag som er større enn feilmarginane.

Miljøpartiet Dei Grøne aukar oppslutnaden sin, og er oppe på 2,8 prosent i Sogn og Fjordane.

Stortingsbenken

Hadde dette partibarometeret vore eit valresultat og ikkje ei måling, ville vi fått følgjande samansetting av stortingsbenken:

Ingrid Heggø (Ap), Liv Signe Navarsete (Sp), Bjørn Lødemel (H) og Sveinung Rotevatn (V). Dei tre første er inne med direkte distriktsmandat, medan Venstre har utjamningsmandatet – ut frå ei teknisk berekning.

Ap ligg i dette partibarometeret nærast til å sikre seg det siste direkte sistemandatet og få to representantar. Men Ap må i så fall sikre seg over 6200 fleire røyster og bli dobbelt så store som Høgre, om også Tor Bremer skal få ein ny periode på Løvebakken. Derimot manglar Høgre berre vel 1200 røyster på å ta andremandatet Liv Signe Navarsete og Sp held i denne målinga.

Kvar femte på gjerdet

Men framleis finst det ei mengd veljarar å kjempe om, i valkampens siste fase. Sentios meiningsmåling viser at 20,42 prosent av dei spurde ikkje hadde bestemt seg – med andre ord at kvar fjerde veljar framleis sat på gjerdet ved utgangen av august.

KrF har dei mest lojale veljarane, medan berre 45 prosent av dei som røysta SV i 2009 seier dei vil gjere det same igjen.

Mobiliserer

Ap mobiliserer best, følgt av Høgre og KrF, medan Sp, SV og Venstre lokkar etter måten få av veljarane som sat heime i 2009.

Heile 31 prosent av SV-veljarane i 2009 er no blitt usikre. Risikoen for fråfall er nesten like stor hos Venstre, medan det hos Høgre blir målt ein uvisse-prosent på 14,3 prosent, 13,6 prosent hos Ap, og i overkant av 10 prosent hos Frp, Sp og KrF.

Lødemel: - Vi står på

- Det er så stor skilnad mellom dei to ferske målingane, at det er vanskeleg å sjå noko bilde. Vi kjem uansett til å mobilisere alt vi har inn mot valdagen. Dette skal vi bringe i land, seier Bjørn Lødemel om den ferske målinga. Han fortel at målet om to på Tinget er der framleis, og at han ikkje merkar at valkampen går tråare.

- Tvert imot er det full rigging alle stader. Eg trur ikkje det kartet som målinga i Firda viser, stemmer med terrenget. Vi skal ha eit regjeringsskifte og ein vestlending i statsministerstolen.

Artikkeltags