Stressar med å vere perfekte

Frå venstre: Kety Planeta, Amalie Kapstad Kyssekvam, Atle Holen, Erlend Nesheim, Linda Solheim er fem av dei 500 elevane som var samla på Førdehuset for å høyre på psykolog Trond Haukedal. Dei er einige i påstanden om at unge stressar for mykje.

Frå venstre: Kety Planeta, Amalie Kapstad Kyssekvam, Atle Holen, Erlend Nesheim, Linda Solheim er fem av dei 500 elevane som var samla på Førdehuset for å høyre på psykolog Trond Haukedal. Dei er einige i påstanden om at unge stressar for mykje. Foto:

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Dei stressar mykje meir enn foreldra deira gjorde på same alder. Ungdommen trur at sosiale medium og at dei stillar for høge krev til seg sjølv er årsaka.

DEL

– Eg har ikkje vore bevisst på kor mykje eg eigentleg tenker på det. Kanskje treng vi ikkje å stille oss sjølve så høge krav om å vere perfekte, seier Erlend Nesheim.

Trond Haukedal er psykolog og held foredraget «Å bli mitt beste eg!» for ungdom landet over. Haukedal fortel at ungdom i dag stiller for høge krav til seg sjølve, og fokuserer for mykje på det negative.
- Vi må vere snillare med oss sjølve og andre. Det handlar om å vere fornøgde med oss sjølve og ikkje streve etter det perfekte, seier han.

Mykje press

Dei fem ungdommane Firda møter, er einige om at dei lever i eit samfunn der dei stressar mykje. Presset frå skule, foreldre og venner er stort, men det største presset er krava dei stiller seg sjølv.

– Dei strengaste måla set eg sjølv. Då blir eg jo irritert når eg ikkje når dei, seier Atle Holen.

– Rollene våre krasjar. Ein skal vere populær, flink på skulen, ha dei riktige kleda og interessene, men vi klarar ikkje alt, seier Nesheim.

Tilgjengelege heile tida

– Tida strekk ikkje til, vi skal gjere lekser, gå på trening, vere med venner og dei fleste har ein jobb. I tillegg er vi tilgjengelege 24 timar i døgnet, gjennom internett og mobil, seier Keyty Planeta.

– Haukedal peikar på at vi er generasjonen som er «pålogga» heile tida, og aldri får den pausen vi treng. Og det er jo heilt sant, seier Linda Solheim.

Er det ikkje berre å slå av då?

– Då trur eg samfunnet hadde heva augnebryna. Vi er blitt avhengige av å lage avtalar og vere tilgjengelege til ei kvar tid. Ein går ikkje berre og ringer på hos ein kompis, utan å ha ein avtale, seier Nesheim.

Dei meiner mykje av stresset har fått grobotn i sosiale medium, der samfunnet viser korleis det perfekte livet skal levast. I eit mylder av nettaviser, bloggar, reklame og sosiale medium som Facebook og Instagram, er det lett å bli hengt opp i kva krav det stillast til ein ung syttenåring. Krav om klede, mat, trening. Alle er lykkelege og vellykka på sosiale medium. Det er lite rom for det uperfekte kvardagslege.

– Vi deler berre det kjekke og vakre i liva våre. Ingen vil vise verda dei dårlege sidene sine, seier Amalie Kapstad Tyssekvam.

Gløymer det positive

Det er ikkje berre på sosiale medium ungdommane er strenge med seg sjølv. Psykolog Trond Haukedal stilte eit enkelt spørsmål til salen:

– Er de flinke nok til å rose dykk sjølve og andre?

Det går ei mumling gjennom salen. Det syner klart at dette har dei ikkje tenkt på.

– Det er riktig som Haukedal seier; vi er ikkje flinke nok til å vere positive til oss sjølve og er altfor sjølvkritiske. Det er lett å gløyme dei positive eigenskapane våre, når vi heile tida strevar etter det perfekte, seier Linda Solheim.

Dei fem 2.-klassingane skal no prøve å ta med seg det dei har lært.

– Vi skal starte dagen med å fortelje oss sjølv kvifor vi er gode nok!

Artikkeltags