Streikar for bøker på nynorsk

Foto:

Artikkelen er over 10 år gammel

Elevar ved fleire vidaregåande skular streiker på torsdag. Nok ein gong er skulebøker på nynorsk forseinka.

DEL

- Øystein Djupedal har svikta nynorskelevane. Han bryr seg ikkje om at nynorskbøkene kjem altfor seint nok eit år. Difor går elevar ved fleire vidaregåande skular ut i streik torsdag 30. august. Det seier Jens Kihl, leiar i Norsk Målungdom.

Streikar på Sandane
Elevane ved Firda vidaregåande skule på Sandane er blant dei som skal streike på torsdag. I samband med aksjonen lanserer Norsk Målungdom og Noregs Mållag eit underskriftsopprop der folk kan gje si støtte til kravet frå elevane.

- Retten til læremiddel på eige språk er heilt grunnleggjande, og det er trist å sjå at Djupedal ikkje tek tak i denne saka, seier Hege Myklebust, leiar i Noregs Mållag.

Fleire aksjonar
Det er elevar i Sauda, Ørsta, Volda, Sandane, Kristiansand, Bergen og Oslo som går ut i streik, og det er venta at fleire vil slutte seg til. Det blir også fleire streikeaksjonar utover hausten.

Artikkeltags