Strategien er klar

Engebøfjellet

Engebøfjellet Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Nærings- og handelsminister Trond Giske presenterer onsdag strategi for mineralnæringa

DEL

Gå hausten i møte - BERRE 88 kr for 8 veker med papiravisa og alt innhald på nett

I ei pressemelding frå departementet heiter det at regjeringa ønskjer at Norge skal vere eit attraktivt land å drive mineralverksemd i. Dette er bakgrunnen for at strategi for mineralnæringa no vert lagt fram.

Betre rammevilkår

I same pressemeldinga står det at det er ei rekkje tiltak i strategien som vil betre rammevilkåra for å drive mineralverksemd i Norge. Strategien er ei viktig etappe i det langsiktige arbeidet for å realisere dei store verdiane som ligg i norske fjell. Dette skal legge grunnlag for nyetableringar og vekst i mineralnæringa.

Fryktar for fjorddeponi

I Sogn og Fjordane er det knytt spenning til om strategien vil gje signal om fjorddeponi.

Naturvernforbundet har tydelegvis fått innsyn i regjeringa sin mineralstrategi. I ei pressemelding skriv dei at det står der at norsk mineralnæring skal vere blant dei mest miljøvennlege.

– At dei seier det er veldig bra. Då kan vi ikkje bruke fjordane våre som avfallsplass for gruveindustrien, seier leiar i Naturvernforbundet Lars Haltbrekken.

Han legg til at dersom regjeringa opnar for sjødeponi i Førdefjorden eller Repparfjorden, vil vi vere blant dei verste i verdssamanheng, ikkje blant dei mest miljøvennlege, slik regjeringa har ambisjon om i mineralstrategien, seier Haltbrekken.

Artikkeltags