Stort ras på E39

Artikkelen er over 5 år gammel

Blokkene er større enn bilar.

DEL

Ein bilist melde i natt frå om eit steinsprang på E39 ved Skjærsura mellom Ålhus og Skei i Jølster. Det var også folk som vakna av eit høgt smell.

Då Statens Vegvesen kom til staden viste det seg å dreie seg om eit mykje større omfang. Blokkene som hadde komme ned var nemleg på storleik med store bilar. Vegvesenet stadfestar at det ikkje er nokon som er tekne av raset.

Større blokk like over

– Det er tre store steinblokker som har rasa ned i vegen. I tillegg er det ei endå større blokk som ligg rundt 50 meter over vegen. Den må også undersøkast for å sjå kva som må gjerast med den, seier byggjeleiar Steinar Håvik (bildet) i Statens vegvesen avdeling indre Sunnfjord.

Han er på staden og kan konstatere at raset har starta rundt 100 meter oppe i fjellskråninga.

– På veg ned har raset delt seg. To av blokkene ligg på ein stad og den andre ligg rundt 50 meter unna, seier Håvik.

Stengt i heile dag

Han fortel at raset ikkje har gjort store skader på vegen, men at det vil ta tid før E39 blir opna for trafikk igjen.

Tidlegare i dag opplyste Vegtrafikksentralen til Statens vegvesen at vegen ville bli opna igjen rundt klokka 12.

No kan Håvik informere om at vegen E39 høgst sannsynleg ikkje blir opna igjen i dag.

– Steinane må sprengast, og det kan også bli aktuelt å sprenge blokka som ligg 50 meter over vegen, seier Håvik.

Stengd E39 har ført til store køproblem på omkøyringsvegen på sørsida av Jølstravatnet.

Tungtrafikken får heller ikkje lov til å køyre denne vegen, og det fører til store utfordringar og frustrasjonar blant trailersjåførane.

Utanfor rassikringa

Raset i natt gjekk rundt 300 meter vest for Skjærsura, utanfor det området som vart rassikra i haust. Det er innanfor strekninga der Statens vegvesen tilrår tunnel. Også ordførar Oddmund Klakegg i Jølster er heilt klar på at tunnel er einaste løysinga for å gjere E39 trygg mellom Ålhus og Skei.

Rundt klokka 10.30 venta dei framleis på at geolog skal komme på synfaring. Han skal komme med helikopter frå Sogndal, men helikopteret er forseinka.

Ikkje første gong

Det er ikkje første gong det har vore ras i dette området. I februar i år gjekk det eit snø- og steinras på same strekka. Den gongen sa pendlaren Rune Årdal at han ikkje kom til å føle seg trygg før Skjærsura var 100 prosent sikra.

– Det er tydeleg at ein må gjere noko, sa Årdal, som passerer staden fire til seks gonger for dagen.

Geologar har tidlegare tilrådd tunnel som permanent løysing, men dette har endå ikkje blitt bestemt.

Bra elles i fylket

Vaktoperatør Kjetil Molvær i Statens vegvesen fortel at forholda elles i fylket er etter forholda bra.

– Alle fjellovergangane er opne, bortsett frå Årdal-Tyin. Været på fjellet er ganske bra, og det er faktisk høgare temperatur på fjellet enn i låglandet, seier han.

Han melder òg om at i Avenbukta mellom Vadheim og Lavik og i Høyanger bør ein vere obs på bekkar som renn ut i vegen.

Artikkeltags