Stor oppslutning om Bornas Verdsdagar

Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

Laurdag gjekk den 5. utgåva av Bornas Verdsdagar av stabelen i Førdehuset.

Arrangementet er ein del av Førdefestivalen, som samarbeidar med mange ulike arrangørar for å få arrangementet trygt i hamn.

Nytt og spennande

– Eg synst det er veldig kjekt å få vere med på Bornas Verdsdagar fordi det er nytt og spennande kvart år, seier Erle Haaland til Firda.

Ho er ei av fleire tusen personar som laurdag fann vegen til Førdehuset. Firda møter ho medan Sigmund Eikås lærer ho og Tove Bråstad, Mathea Bråstad og Niklas Bosdal Thorsen å spele fele.

– Eg få oppleve så mykje spennande! Du vet aldri helt hva som venter, det skjer alltid noko nytt frå år til år. Og det kjekkaste er at vi får vere med på veldig mange forskjellige avtivitetar, ikkje berre sitte stille og sjå på, seier ho og smiler.

Fargerike Førde

Kommunikasjonssjef for Førdefestivalen, Torill Faleide, trekkjer fram dei mange som bidreg til suksessen, og nemner spesielt Matfestivalen Fargerike Førde som no er inne i sitt 12. år.

Fargerike Førde hadde skapt om festsalen i Førdehuset til ein gigantisk kafé med liv og røre,og der det bogna av freistande og eksotiske matrettar frå alle kantar av verda.

– Men òg Frivilligsentralen og Bergum Mottak, Jølster Mottak, barnehagane i Førde, skulane i Førde, Hafstad vidaregåande skule, UWC i Flekke, Førde kulturskule, Førde bibliotek, Sogn og Fjordane fylkeskommune og fleire andre skal ga sin del av æra, slår Faleide fast.

(Fotograf Arve Rune Ullebø har teke alle bileta i serien for Førdefestivalen/Barnas Verdsdagar)

Artikkeltags