Stor Gulen-motstand mot møller

HER BLIR DET (KANSKJE) LIV: Områda i Gulen der det ligg føre søknader til NVE om vindmølleutbygging. 1: Sandøy 2: Brosviksåta 3: Dalsbotnfjellet 4: Setenesfjellet. Ilustrasjonen til venstre syner korleis ein av parkane kan bli sjåande ut, Dalsbotnfjellet Vindmøllepark.

HER BLIR DET (KANSKJE) LIV: Områda i Gulen der det ligg føre søknader til NVE om vindmølleutbygging. 1: Sandøy 2: Brosviksåta 3: Dalsbotnfjellet 4: Setenesfjellet. Ilustrasjonen til venstre syner korleis ein av parkane kan bli sjåande ut, Dalsbotnfjellet Vindmøllepark. Foto:

Artikkelen er over 6 år gammel

Kan få 155 vindmøller ved porten til Sognefjorden.

DEL

Eit hundretals Gulingar møtte denne veka opp til folkemøte om søknadene om vindmølleutbygging i kommunen.

Totalt er no fire søknader inne hos NVE, noko som kan bety kring 155 vindmøller i landskapet i Gulen, dersom alle søknadene skulle gå inn.

Markant motstand

Hallvard Oppedal (Sp), ordførar i Gulen kommune, fortel at salen i Eivindvik Fjordhotell vart for liten for tilhøyrarane, og at folk stod som sild i tønne på møtet.

– Det er tydeleg at dette engasjerer folk i Gulen, og dette viser at det er viktig å ha møte om saka, seier Oppedal, som merka at det var stor motstand mot vindmølleutbygginga på møtet.

– Dei signala eg fekk, både av dei eg prata med, og av fleirtalet av talarane, var at folk er eintydig imot, seier Oppedal, som legg til at det også var deltakarar på møtet som ytra seg for ja-sida.

Ser også vinstar

Ein av desse var Bjarte Nordanger, grunneigar på Sande på Sandøy. Han fortel at vindmøllene også kan gi gevinstar for Gulen.

– For kommunen sin del, vil det gi inntekter i form av eigedomsskatt, for den trur eg ikkje blir fjerna, seier Nordanger, som vidare fortel at inntekter til grunneigarar, som han sjølv, også vil vise att i skatteinntektene til kommunen.

Som grunneigar på Sandøy, fortel han at folket på øya allereie er belasta med sikt mot Mongstad, og støy, både frå dette anlegget, og frå steinknusing på Sløvåg i nærleiken.

– Så frå min ståstad, så vil ikkje desse vindmøllene vere så dramatiske for Sandøy, seier han.

Dei andre vindmølleparkane har han sett seg mindre inn i.

– Men om vi får fire stader, kan det bli voldsomt. Det forstår eg, seier Nordanger.

  • Nyleg vart det halde folkeavrøysting om vindmøller i øykommunen Solund. Der sa folket nei, men det er opp til kommunestyret og NVE om fatte endeleg vedtak.
    Meir om den saka her: Solund-nei til vindmøllepark

For mykje

Og kjem alle møllene på plass i dei tre nyaste parkalternativa på Sandøy, Dalsbotnfjellet og Brosviksåta, vil det bety totalt 140 vindmøller i landskapet.

Desse føyer seg saman med den tidlegare søknaden om utbygging på Setenesfjellet, der det er skissert kring 15 vindmøller.

Dette totaltalet meiner Gulen-ordføraren er for mykje.

– Eg er skeptisk til dette. På Vestlandet er det naturen vi lever av, og det er den urørte naturen som gjer at mange bur her i Gulen, seier Oppedal, som fortel at Vestlandet merkar mykje av presset på at det er her fornybar energi skal byggjast ut.

På minussida ser ordføraren store inngrep i naturen, på fjelltoppar, med tilhøyrande vegbygging for å komme dit.

Svar på slutten av året

På plussida ser han 20–30 millionar til kommunen i eigedomsskatt, og arbeidsplassar i anleggsfasen, pluss nokre få arbeidsplassar i driftsfasen.

Saka skal opp i formannskapet ved neste kommunestyremøte i mars, og Oppedal seier at folket her har påverknadskraft i tida fram til høyringsfristen, som er sett til 12. mars.

Ordføraren legg til at NVE har gitt lovnader om å sjå på alle fire søknadene samla, når dei skal gjere si vurdering.

– Det vi har høyrt er at dei kjem til å ta avgjerda på slutten av året, seier Oppedal.

Artikkeltags