Stengjer veg for synfaring

Dødsulykka skjedde på RV15 mellom Bryggja og Totland i Vågsøy i fjor. Ei polsk seksbarnsmor omkom.

Dødsulykka skjedde på RV15 mellom Bryggja og Totland i Vågsøy i fjor. Ei polsk seksbarnsmor omkom. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

Retten skal i dag på synfaring på riksveg 15 ved Bryggja.

Der skal dei sjå området der dødsulykka skjedde i slutten av mars i fjor, melder NRK på sine nettsider.

– Når vi er ferdige med dagen i retten, reiser vi ut til kollisjonsstaden, seier politiadvokat Erling Melvær til nrk.no.

Stengt veg

Det er planlagt at retten skal vere på ulykkesstaden klokka 14 i dag. Dette fører til at riksveg 15 mellom Måløy og Nordfjordeid vert stengt ved Bryggja mellom klokka 13.30 og 15.30 i dag.

Det vert skilta lokal omkøyring for personbilar, medan tyngre køyretøy må vente til vegen opnar, skriv NRK.

Omkom

Ulykka på Bryggja skjedde den 27. mars i fjor. Den polske seksbarnsmora Anna Cieslak omkom i ulykka, no står ein dansk vikarlege tiltalt for aktlaust bildrap.

Ifølgje det som kom fram i retten i går skal speedometeret til den tiltalte ha stogga på 142 kilometer i timen. Han har sjølv forklart at han handla i panikk, og at det var forsøk på å manøvrere unna.

Legen er også tiltalt for å ha køyrt bil påverka av medikament som var rusande og bedøvande.

Artikkeltags