Stenger delar av flyplassen for å lage film

Anda Lufthamn i Gloppen er i desse dagar scene for innspelinga av ein europisk reklamefilm.

Anda Lufthamn i Gloppen er i desse dagar scene for innspelinga av ein europisk reklamefilm. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

Dei kommande dagane vert deler av Sandane lufthamn, Anda, stengt då Ford har leigd seg plass der.

Dei skal spele inn ein reklamefilm for heile Europa i området.

– Vi skal spele inn den reklamefilmen for den nye Ford Mondeoen der. Den skal visast i Europa, seier informasjonsdirektør i Ford Motor Norge, Anne Sønsteby.

– Spektakulære omgjevnadar

Ho fortel at det ikkje er heilt tilfeldig at dei har velt nettopp lufthamna på Sandane når dei skal lage filmen.

– Dei spektakulære omgjevnadane er mykje av grunnen til at vi har valt å spele inn filmen på Anda. Det er eit stort team som skal vere i sving dei neste dagane, seier Sønsteby til Firda.

– Det var mange plassar kring i Europa som vart vurdert, men når ein først bestemte seg var det eigentleg eit enkelt val. Anda har fjordar på begge sider av flystripa og er omringa av høge fjell, så naturen der var avgjerande, seier Sønsteby.

Hollywood-rykter

Ryktene om at filminnspelinga skal skje har nådd fleire i området, og det har vore spekulert i at filmteamet blir leia av ein internasjonal regissør, med fleire Hollywood-filmar på CVen.

Men Sønsteby vil ikkje stadefeste overfor Firda kva regissør det er snakk om.

– Vi har høyrt at det har gått ein del rykter, men førebels vil vi ikkje seie kven det er. Men eg kan avsløre at det er eit stort namn, seier Sønsteby.

Sjeldan i Norge

Fleire titals personar er sysselsette på Sandane denne veka med å få til filmen, og dei har vore i området sidan før helga for å klargjere filminga.

At dei kjem til Norge er sjeldan ein har opplevd med så store prosjekt.

– I mine ti år i Ford har det ikkje vore spelt inn reklamefilmar her til lands tidlegare. Så vi tykkjer det er veldig moro at dei har valt Norge for innspelinga, seier Sønsteby.

Bilen filmen skal handle om er den nye modellen til Ford Mondeo. Bilen vart avduka for to år sidan, men har blitt kraftig forseinka etter at Ford la ned fabrikken i Belgia, og flytta produksjonen til Valencia i Spania.

No startar førehandssalet av bilen i Norge i desse dagar.

– Då dagens Mondeo-modell vart lansert i 2007 var den Norges mest selde bil i mange månadar på rad, er ein særs viktig modell i Norge, seier Sønsteby.

Artikkeltags