Stedje fekk heiderspris

Olav har betydd mykje for sjølvkjensla, både til sogningar og fjordingar, dei siste 30 åra, uttaler juryen om Olav Stedje (t.h.) som laurdag fekk heidersprisen overrekt av fylkesordførar Nils R. Sandal og NRKs Stian Sjursen Takle.

Olav har betydd mykje for sjølvkjensla, både til sogningar og fjordingar, dei siste 30 åra, uttaler juryen om Olav Stedje (t.h.) som laurdag fekk heidersprisen overrekt av fylkesordførar Nils R. Sandal og NRKs Stian Sjursen Takle. (Foto: )

Av

Olav Stedje vart laurdag kveld tildelt den første Lutt-heidersprisen.

DEL
<div id='netboard-1'> <script> googletag.cmd.push(function() { googletag.display('netboard-1'); }); </script> </div>

Tilbod: Firda i 5 veker for 5 kroner!

Prisen vart delt ut under NRK Sogn og Fjordane sin hyllestkonsert for Olav Stedje i Sogndal kulturhus laurdag kveld. Der deltok artistar som Tone Damli Aaberge, Sigrid Moldestad, Finn-Erix, Håvard Lothe og mange fleire med sine favorittlåtar frå Stedje sine 30 år som plateartist.

- Då han gjekk til topps på Norsktoppen med ”Ta Meg Med” i 1981, var han ein nasjonal sensasjon. 30 år etter er han like aktuell, like populær, like aktiv og like kompromisslaus på bruken av nynorsk og dialekt - sitt kjære "sognamaol", skriv juryen i si grunngjeving for prisen.

Fortent pris

- Dette er ein heidersmann som verkeleg har fortent ein slik pris, seier Stian Sjursen Takle i Luttredaksjonen i NRK Sogn og Fjordane.

Det er første gongen Lutt-heidersprisen vert delt ut. Prisen skal gå til musikarar frå Sogn og Fjordane som over tid har vist kvalitet, nyskaping, speleglede og som har fått merksemd både lokalt og nasjonalt.

Norsktopp og Grand Prix

- I løpet av 30 år Olav Stedje gjeve ut 12 plater som har selt svært godt. Han har fått både spelemannspris, Medaaspris og fylkeskulturpris. Stedje har vore banebrytar for nynorsk og dialekt i Norsk musikk, og er blant dei som har lagt aller lengst på Norsktoppen med om lag 40 ulike låtar. Han har delteke i Grand Prix tre gonger, og har spelt ein enorm mengde konsertar over heile landet, oppsummerer Sjursen.

Fekk pengar og kunst

Prisen vart delt ut av avtroppande fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Nils R. Sandal. Prisen er eit stipend på 25.000 kroner frå Sparebanken Vest. I tillegg fekk Olav eit kunstdiplom av kunstnaren Oddvar Torsheim.

Artikkeltags