Gå til sidens hovedinnhold

Stang går av som Firda-redaktør

Artikkelen er over 9 år gammel

Vart takka av fredag. No blir han NHO-direktør.

Fleirtalet av dei 53 tilsette i Firda Media var fredag klokka 12 samla til allmøte for å takke av Jan Atle Stang, som i dag formelt gjekk av som sjefredaktør for Firda og Firda.no.

Han forlêt stillinga til fordel for ny jobb som regiondirektør i NHO Sogn og Fjordane, ei stilling han tar over etter Karin Helen Halle alt måndag 23. januar.

Sunt med endringar

- Jobben som sjef for den største og beste redaksjonen i Sogn og Fjordane har vore og er svært gjevande og interessant, sa Stang på allmøtet.

Han framhevar også det gode miljøet på heile Firdahuset.

– Men eg skal ikkje legge skjul på at jobben også har vore svært krevjande. Slik skal det også vere i sjefsjobbar, ikkje minst i ein mediebransje som må vise større og kjappare endringsvilje enn dei aller fleste andre bransjar, seier Stang, som heller ikkje trur at det skadar ein organisasjon at det kjem nye kostar inn av og til.

– Noko turnover er berre sunt, ikkje minst i mediebransjen, og i redaksjonane spesielt. Nye måtar å sjå ting på er ei føremon og vil meir styrke organisasjonen enn svekke den, trur Jan Atle Stang.

Hylla av redaksjonen

Jan Atle Stang tok over som øvste redaksjonelle toppsjef i fylkets største avis i 2003. Han kom då frå stillinga som redaktør for lokalavisa Firdaposten i Florø, kor han tidlegare også arbeidde som journalist.

I alt har Stang vore tilsett i redaksjonelle stillingar innanfor A-pressenkonsernet i 19 år.

- Eg har jo arbeidd saman med deg i nesten alle desse åra, og hatt deg både som sjef og kollega. Det har vore ei glede. Du har vore ein redaktør vi har lært mykje av, opplevd mykje med, krangla med og ledd saman med, sa nestleiar i redaksjonsklubben i Firda, Ingunn Osland på fredagens allmøte.

Lyser ut redaktørstillinga

Stongfjordingen Jan Atle Stang er opphavleg utdanna tømrar, men fekk etter kvart meir teoretisk ballast gjennom ulike grunnfag i samfunnsfag- og politikk, offentleg forvalting, sosialantropologi og historie.

Dei siste fire månadane har Stang vore i permisjon for å reise i Sør-Amerika, og det har ei tid vore allmenn kjend at han ikkje kom til å halde fram som Firda-redaktør etter heimkomsten til Norge.

Redaksjonssjef Yngve Årdal har fungert som sjefredaktør sidan slutten av september, og kjem til å halde fram i stillinga til ny sjefredaktør er tilsett.

Styret i Firda Media har varsla at stillinga som sjefredaktør skal lysast ut eksternt. Dette vil truleg skje i løpet av månadane februar/mars.