Stakk av med hengar og varer til 130.000 kroner

Tor Rune Vie vart vinnaren av hengaren og varene til ein verdi av 130.000 kroner. Sonen Daniel var godt nøgd med flaksen til faren.

Tor Rune Vie vart vinnaren av hengaren og varene til ein verdi av 130.000 kroner. Sonen Daniel var godt nøgd med flaksen til faren. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

Ei enorm folkemengde samla seg framfor Elvetorget fredag kveld. Klokka ni var det tid for trekning av ein hengar fylt med varer til ein verdi av 130.000 kroner.

– Høyrer de meg der bak med Erdal sport? spurde Tore Fossen, i Rein Design, som styrte showet frå scena.

– Ja! runga det forventingsfullt frå bakarste rad.

Sjølv om det sikkert stod folk bak til Gyngehesten. Dei vrimla i alle fall over Skywalken mellom Handelshuset Nord og Sør. Kafeane var fulle og julepynten var kommen fram. Det var nesten som å vere på julehandel i London, så får ein meine kva ein vil om det.

– Men før vi trekker vinnaren, må vi lese opp alle som har spleisa. Næringslivet i Førde har bidratt hardt til at ein person kan reise heim utan å kjøpe fleire julegåver i år, sa Fossen.

Ei lang liste følgde. Oppsummert var det mykje klede, ein bag full av gåvekort. Det var mat og tenester. Sportsutstyr og forskjellig til heimen. Ja, og så hengaren.

Så er det tid for trekning. Tidlegare på dagen er det trekt ein hengar i sentrum sør, men no er det tid for den store førstepremien.

– Og vinnaren er (liten kunstpause) Tor Rune Vie!

Nokre aldri så små «nei» og sukk kunne høyrast frå forsamlinga.

– Det er meg! seier Vie og tar seg fram gjennom folkemengda.

Med seg har han sonen Daniel, som synest faren er veldig heldig. Men litt skal det visst drype på Daniel og dei to brørne hans.

– Det blir nok litt til alle saman, seier Vie.

– Får du bruk for alt trur du?

– Ja, eg trur det skal gå med, eg ser det er mange som er interesserte, seier han og peikar inn i hengaren.

Der er familien allereie i gang med å sjå over alle tinga.

– Og så var det veldig bra med den hengaren. Eg trengde ein hengar for eg driv og fraktar litt ting, seier han.

Artikkeltags