Stakk av frå trafikkontroll

Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

Politiet har hatt ei rekke trafikkontrollar i løpet av laurdagskvelden og natt til søndag.

Prøvde å stikke av

Under ein trafikkontroll i Førde sentrum i natt, prøvde ein mann i 40- åra på ein lett motorsykkel å stikke av frå politiet.

Men mannen blei stoppa og teken med til lege på grunn av mistanke om promillekøyreing. Mannen måtte gi frå seg førarkortet og saka blir følgt opp av Førde lensmannskontor.

Politiet kontrollerte 30 andre bilistar då dei stod langs E39 ved Hafstad 01.11. Alle hadde alt på stell.

Fleire kontrollar i fylket

25 bilistar blei kontrollerte i Sogndal sentrum laurdag kveld. Her var alt på stell, melder operasjonssentralen i Sogn og Fjordane.

God og vel ein halvtime seinare, 01.49, melder politiet i Utladalen i Øvre Årdal om at dei fem bilistane som blei stoppa i promillekontroll, hadde sitt på det tørre.

Glopparane kunne vise til like godt resultat som resten av gjengen: Også her var dei 12 bilistane som blei kontrollerte 02.00, i Sandane sentrum. promillefri.

Artikkeltags