Speedometeret stogga på 142 kilometer i timen

Dødsulykka skjedde på RV15 mellom Bryggja og Totland i Vågsøy i fjor. Ei polsk seksbarnsmor omkom.

Dødsulykka skjedde på RV15 mellom Bryggja og Totland i Vågsøy i fjor. Ei polsk seksbarnsmor omkom. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Rettsaka mot dansk vikarlege er i gang

DEL

Den danske vikarlegen som er tiltalt for å aktlaust bildrap på ei polsk seksbarnsmor, nektar straffskuld. Dette melder NRK Sogn og Fjordane.

Høg fart

BT.no, som dekkar saka, skriv at aktor Erling Melvær fortalte i retten i dag at vikarlegen sitt speedometer var elektronisk, og kopla ut som følgje av kollisjonen. Det stoppa på 142 kilometer i timen.

Sjølv forklarte tiltalte dette med at han truleg handla i panikk då han såg bilen som kom i mot, ved dels å dreie på rattet, og dels å trakke på gasspedalen. Han la til at ein slik bil akselererer ganske fort.

Aktor spurde då om tiltalte trudde det er praktisk mogleg å gå frå 80 til 142 på så kort tid. Til det svarte legen: – Ja det er det. Det er mi einaste forklaring.

Påverka av medikament

I dag starta saka i Fjordane tingrett. Her står legen tiltalt for å ha køyrt bil i minst 125 km/t og for å vere påverka av medikament som var rusande og bedøvande.

Legen nekta straffskuld på alle punkt då aktor Erling Melvær leste opp dei fire tiltalepunkta.

Synfaring i morgon

Det var om morgonen 27. mars i fjor at den danske vikarlegen krasja med ein møtande bil ved Bryggja. Legen var då på veg heim etter nattevakt på legevakta i Eid.

Polske Anna Cieslak(49) mista livet og etterlet seg seks born. Cieslak var polsk statsborgar, men tilsett i eit firma i Måløy.

To av borna følger rettsaka som skal gå i Fjordane tingrett heile veka. 14 vitner skal stille i saka. I morgon blir det synfaring på ulykkesstaden.

Artikkeltags