Solund-nei til vindmøllepark

Olav Berntsen leverer si stemme i vindmølle-saka i Grendahuset på Hardbakke måndag. Etter at stemmene førebels er talde, er 25 fleire mot utbygginga, enn det er stemmer for vindmølleparken.

Olav Berntsen leverer si stemme i vindmølle-saka i Grendahuset på Hardbakke måndag. Etter at stemmene førebels er talde, er 25 fleire mot utbygginga, enn det er stemmer for vindmølleparken. Foto:

Artikkelen er over 7 år gammel

Hårfint fleirtal av folket stemte nei til vindmølleutbygging i Solund.

DEL

Folket i Solund har tala i vindmøllesaka. Etter eit svært jamt val, blei det klart at 204 stemte for, medan 229 stemte mot utbygginga av dei 88 vindmøllene i kystkommunen Solund. 11 av stemmene var blanke.

Svært jamt

- Resultatet er forferdeleg jamt, fortel ordførar Ole Gunnar Krakhellen (H) etter at det førebelse resultatet er klart.

No skal stemmene kontrollteljast, og det endelege resultatet kjem seinare i kveld.

Les også: Vanskeleg val for Solund

Krakhellen fortel at det også var svært jamt i avstemminga om den minste parken, i Ytre Sula.

- Her var det 210 mot 210 stemmer, seier Krakhellen.

I avstemminga om den største parken i Ytre Sula, var det 190 for, og 235 mot.

Det er det spesielle landskapet i Solund som skapt mykje engasjement om vindmølleparkane skal byggjast eller ei.

Den andre sida av saka går på næringslivet og økonomiske gevinstar frå ei eventuell utbygging.

Engasjert folk

- Dette resultatet viser at det er eit bra engasjement i Solund, og det er bra at folket engasjerer seg i dette, seier Krakhellen.

Noko endeleg avtale mellom kommunen og utbyggjaren er ikkje klar endå, og saka skal opp i kommunestyret 2. februar, der den endelege avgjersla blir teken.

Før den tid skal dei i forhandlingar med utbyggjarane.

- Dette er framtida vår, og det er klart at vi skal ha noko igjen. Signala frå utbyggjarane er gode så langt, no kjem det an på kor gode vi er å forhandle, seier Otto Einen, dagleg leiar ved Solund Center og kommunestyrerepresentant for Høgre.

- Om forhandlingane ikkje skulle bli slik vi har tenkt, så må vi seie nei. Det er vi som sit med korta, fortel han.

Artikkeltags