Søkjer konsesjon for Jølstra kraftverk

Til venstre Stakaldefossen kraftverk og Statnetts nye 420 kV anlegg midt i bildet. Til høgre for Statnett sitt anleggsområde har ein planlagt portalen inn til nye Jølstra Kraftverk.

Til venstre Stakaldefossen kraftverk og Statnetts nye 420 kV anlegg midt i bildet. Til høgre for Statnett sitt anleggsområde har ein planlagt portalen inn til nye Jølstra Kraftverk. Foto:

Artikkelen er over 6 år gammel

Sunnfjord Energi (SE) vil produsere 180 GWh i nytt kaftverk mellom Jølster og Førde

DEL

SE har sendt førehandsmelding om planar om kraftutbygging til Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) for utbygging og drift av Jølstra kraftverk mellom Tongahølen i Jølster kommune og Reinene i Førde kommune. Men oppstraums Stakaldefossen i Jølster har fleire forhandlingar mellom fallrettshavarane og SE ikkje ført til nokon avtale.

- Kan forsyne 9.000 husstander

Den nye kraftstasjonen er planlagt bygd inne i fjellet og vil kunne produsere nær 180 GWh, noko som er nok til å forsyne omlag 9.000 husstandar, ifølgje SE.

Til samanlikning produserer Stakaldefossen kraftstasjon i dag 62 GWh.

Den nye kraftstasjonen vil kunne nytte falla betre, og delvis erstatte Stakaldefossen kraftstasjon.

385 millionar

Kostnaden med utbygginga er rekna til 385 millionar kroner.

– Vår gode erfaring og langvarige samarbeid med dei berørte kommunane og grunneigarane tilseier at denne skånsame utbygginga vil bli ønskt velkommen. Den er også i tråd med Stortinget sitt mål om å auke andelen med fornybar energi, seier produksjonssjef Olav Osvoll i Sunnfjord Energi.

- Lite synleg

Jølstra kraftverk skal nytte fallhøgda på 130 meter mellom Tongahølen i Jølster, der inntaket er planlagt, og utløpet ved Reinene ovanfor Movatnet i Førde. Kraftstasjonen er tenkt ved industriområdet på Moskog. Tilkomsten til kraftstasjonen vil gå over området som alt er regulert til industri.

Det same vatnet vil bli brukt på nytt til endå meir kraftproduksjon, ved at det renn vidare frå Movatnet til Brulandsfossen kraftverk lenger nede.

– Samfunnsøkonomisk vil dette vere eit godt prosjekt for alle partar, seier produksjonssjef Osvoll.

Inntaket og utlaupet vil vere lite synleg i terrenget, og vatnet vil gå i tunnel til kraftstasjonen som også ligg i fjell. Prosjektet vil ikkje medføre nye kraftliner i luft og ingen nye permanente vegar. Tunnelmassane vil kunne nyttast lokalt, mellom anna på industriområdet på Moskog, ifølgje SE.

- Stor verdiskaping

Dersom Sunnfjord Energi vert tildelt konsesjonen, meiner dei at prosjektet vil gi stor lokal verdiskaping:

– Erfaringa vår viser at om lag 20 prosent av byggjekostnaden bli brukt på lokale underentreprenørar og leverandørar. For bygginga av Jølstra kraftverk er dette stipulert til 80 millionar kroner. Utbygginga er venta å ta om lag to år, seier Osvoll.

Utbygginga vil føre med seg auke i fallrettsleige, eigedomskatt og konsesjonsavgifter til grunneigarane og kommunane Jølster og Førde. Når kraftverket kjem i drift vil det gjennom Sunnfjord Energi som ei lokal verksemd også gje økonomisk utbyte til dei sju eigarkommunane.

Utbygginga er planlagt nedanfor gyteområda til storauren og ligg ovanfor den lakseførande delen av Jølstra-vassdraget.

– I området mellom inntaket og utløpet vil det bli mindre vatn i elva enn i dag. Men elva er brei og held oppe vasspegelen sjølv ved låge vassføringar. Ovanfor og nedanfor vasstunnelen vil vassføringa vere som før, seier Osvoll.

Lang veg

Ei slik vidare utbygging av Jølstra er første gong omtala i ”Samla plan for vassdrag” i 1984, og SE tok for alvor til med utgreiingsarbeidet i 2004.

- I første fase vurderte vi om vi skulle utvide eller erstatte eksisterande kraftverk i Stakaldefossen. I 2008 vart det oppretta ei samarbeidsgruppe med grunneigarane og første versjon av førehandsmeldinga vart sendt til NVE i 2009. Året etter søkte Sunnfjord Energi om fritak frå ”Samla plan for vassdrag”, og i januar 2011 vart slikt fritak godkjent. Etter ei avklaring med Direktoratet for naturforvaltning og NVE vart det vurdert som den beste løysinga å byggje eit nytt anlegg på strekkja mellom Tongahølen og Reinene. Den endelige versjonen av førehandsmeldinga frå selskapet er no klar for handsaming i NVE.

Ingen avtale øvst

I nedste del av utbyggingsområdet, innanfor Førde kommune, har Sunnfjord Energi inngått avtale med grunneigarane, opplyser SE. Frå før produserer SE straum i den midtre delen, gjennom Stakaldefossen Kraftverk.

- Oppstraums Stakaldefossen i Jølster kommune har vi forhandla med fallrettshavarane i fleire omgangar, utan å nå fram til avtale, skriv SE i ei pressemelding.

Produksjonssjef Olav Osvoll seier at med Sunnfjord Energi sine lange tradisjonar, deira kontinuerlege lokale verdiskaping og deira mandat frå eigarkommunane, har dei sett det som naturleg at det blir SE som får konsesjonen på utbygging av også denne delen av Jølstra-vassdraget:

– Om Sunnfjord Energi får konsesjonen, vil vi halde fram samarbeidet med dei lokale interessentane. Vi har lange tradisjonar som utbyggjar, produsent og trygg leverandør av fornybar energi i sju kommunar frå Solund i vest til Jølster i aust, seier Osvoll. Selskapet er eigd av sju kommunar og BKK.

Sjå førehandsmeldinga frå SE her

Artikkeltags