Søkjer etter 25-åring

Dalsfjorden er frå 100 til 253 meter djup på den staden der dumperen køyrde utfor.

Dalsfjorden er frå 100 til 253 meter djup på den staden der dumperen køyrde utfor. Foto:

Artikkelen er over 6 år gammel

Dumpers på sjøen - må ha utstyr som kan søkje på 300 meters djupne. Sjå video frå leitinga.

DEL

Tysdag morgon opplyser politiet at det blir sett i gang nye søk så snart dei har tilgjengeleg utstyr til å søke ned mot 300 meter djubde. Operasjonssentralen til politiet fortel at dei jobbar med å få tak i firma som kan gjere jobben, men at ingenting er avklart rundt dette.

Sjå video: Søk etter dumper i Dalsfjorden

No stadfestar politiet også at dei leitar etter ein antatt omkomen person.

Tysdag kveld vart det søkt ned mot 120 meter djubde med miniubåt. Einaste som vart funne er delar som truleg tilhøyrer dumpersen.

Den sakna er 25 år gamle Christian Melle frå Ørsta.

Gjekk i sjøen

Det var i 19-tida måndag politiet fekk melding om at ein dumper har gått i sjøen med ein person på nordsida av Dalsfjorden.

Politiet opplyser at ein miniubåt vart sett inn i søket etter den sakna personen like etter klokka 21.

250 meter djup
Ifølgje lokalkjende er fjorden frå 100 til rundt 250 meter djup i det området der dumperen køyrde utfor.

Alle naudetatar rykte ut til ulykka, og det vart også sendt eit redningshelikopter til staden. Dette returnerte etter kort tid.

Dumpersen køyrde utfor på austsida av den første tunnelen på Eikenes-sida av Dalsfjordsambandet, rundt ein kilometer frå ferjekaia på Eikenes.

Det er 10-15 meter ned til fjorden på den staden dumpersen hamna utfor.

I tillegg til fleire småbåtar har ambulansebåten frå Askvoll delteke i søket etter den sakna personen. Den har lyst i sjøen og langs land, men såg ut til å ha avslutta søket langs land i 21.30-tida.

Søker vidare
Klokka 20.15 kom redningsdykkarar til staden. To dykkarar er i arbeid, og tre til var klokka 20.40 på veg ut frå Eikenes.

Politiet opplyser Firda klokka 21.40 at mannen framleis ikkje er funnen. Køyretøyet er heller ikkje funne.

- Vi søker vidare i det aktuelle området. Ein miniubåt er sett inn i søket, seier operasjonssentralen ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Artikkeltags