Sogn og Fjordane på fødselstoppen

Artikkelen er over 15 år gammel

Sogn og Fjordane er det fylket i Norge det vert fødd flest barn i høve til innbyggjartalet.

DEL

I 2003 vart det fødde 1342 barn i fylket, som gir eit såkalla fruktbarheitstal på 2,08 (talet på levandefødde per 1000. kvinne). Snittet for resten av landet er 1,80, viser nye tal ifrå Statistisk sentralbyrå (SSB).

Av dei 26 kommunane er i Sogn og Fjordane var det i Førde det vart fødd flest i 2003. Der vart det fødd 181 barn - 111 jenter og 70 gutar. Deretter følgjer Flora (155), Stryn (95), Sogndal (92), Eid (76), Vågsøy (74), Gloppen (67), Luster (65), Høyanger (61), Årdal (48), Bremanger (47), Selje (36), Gulen, Naustdal (35), Fjaler (33), Askvoll (30), Gaular (28), Jølster, Leikanger (27), Lærdal, Vik (23), Aurland (22), Hyllestad (21), Hornindal (18), Balestrand (17), Solund (6),

Artikkeltags