- Uansett kor mange eg plukkar, så kjem det fleire, seier Etterlid til Firda i dag.

Sniglane formeirer seg fort, og legg inntil 400 egg kvar i løpet av ein sesong.

Ber kommunen om hjelp

No har ho innsett at kampen mot brunsniglane ikkje er ein kamp ho klarer å vinne på eiga hand, og ber i eit brev til kommunen om hjelp til å kjempe mot sniglane.

- Utryddinga av sniglane er noko som bør organiserast, det er ikkje hjelp om eg står på åleine, seier Etterlid.

Snigletips

Etterlid foreslår til dømes bruk av giftstoffet Nemaslug, som tek knekken på brunsniglar.

- Kommunen bør kartleggje omfanget av snigelen, og organisere utdryddinga ut i frå det, meiner ho.

Kommunen sjølv stiller seg undrande til kva dei kan gjere med problemet.

Er dette noko kommunen bør ta hand om, tykkjer du? Eller finst det andre tips som er meir effektive? Kommentèr gjerne nedanfor.