Sms-varsel: Stengt! Nei, open!

Fv 609 blir fredag stengd frå 18.00, grunna rasfare. Biletet er frå eit tidlegare ras.

Fv 609 blir fredag stengd frå 18.00, grunna rasfare. Biletet er frå eit tidlegare ras. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

Brukarar av sms-varslingstenesta for rasstrekninga Førde-Askvoll ved Heilevang, på fv 609, har fredag motteke melding om at vegen var stengd.

SMS: Stengt – open – open

Stengingsmeldinga kom først klokka 14.48, deretter vart det sendt ut ei ny melding om at samme vegstrekning var opna att, to gonger.

Ifølgje Vegvesenet sine trafikkmeldingar er vegen open fram til 18.00. Derifrå blir den stengd grunna rasfare til 08.00 laurdag morgon.

Skuldast ein feil

Frå vegmeldingssentralen i Lærdal blir Firda informert om dei tidlegare sms-ane vart sendt ut grunna ein feil.

Meldinga skulle eigentleg vise at vegen vart stengt frå 18.00, slik som vegmeldingane på nettet syner, men i staden vart meldinga sendt ut utan tidspunkt slik at det såg ut som at vegen var stengt umiddelbart.

– Vi har folk som arbeider med å finne ut av feilen, opplyser vegmeldingssentralen.

Stengt frå 18.00 fredag

Ein ny sms-vart deretter sendt ut, med rett tidspunkt. Vegen blir altså stengt frå, 18.00 fredag.

For oppdaterte vegmeldingar for Sogn og Fjordane, sjå: http://www.vegvesen.no/Trafikkinformasjon/Reiseinformasjon/Trafikkmeldinger?type=fylke&fylke=14

Artikkeltags