Smaken av siger

topp 3: Thomas Holme Smådal (t.v.) fekk førsteplass, medan Frank Sanchez Guddal fekk andreplass.(begge Gloppen Hotell). 3. plass gjekk til Kamil Planeta, Quality Hotel Sogndal.

topp 3: Thomas Holme Smådal (t.v.) fekk førsteplass, medan Frank Sanchez Guddal fekk andreplass.(begge Gloppen Hotell). 3. plass gjekk til Kamil Planeta, Quality Hotel Sogndal. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Med sylta raudløk og smørdampa brokkoli kokte Thomas Holme Smådal seg til topps.

DEL

– Det er veldig kjekt å vite at ein har greidd å gjere noko bra, seier Thomas Holme Smådal (20) frå Naustdal, godt nøgd etter at han tysdag kokte seg til topps blant kokkelærlingane i Sogn og Fjordane.

To frå Gloppen Hotell

Saman med Frank Sanchez Guddal, som fekk 2. plass i konkurransen, skal dei representerer Sogn og Fjordane under Norgescup for kokk- og servitørlærlingar i Stavanger. Duoen er lærlingar på Gloppen Hotell, og naustedølen fortel at målet deira var å gå vidare i lag til Norgescupen i januar.

– Og det gjekk jo veldig fint, seier Holme Smådal som også i fjor deltok i Norgescupen.

20- åringen følte han hadde god kontroll undervegs, men fortel han letta då han sanka flest poeng og gjekk vidare til cupen. Kamil Planeta, lærling på Quality Hotel Sogndal, fekk 3. plass og går inn som reserve.

– Litt ujamt nivå

Kokkelærlingane, som både er 1.-og 2. årslærlingar, fekk på førehand vite kva meny dei skulle servere. Hovudretten skulle vere fersk lammeribbe med ytrefilet, glasert småløk, to valfrie garnityr, valfri saus og slottspoteteter.

Her serverte naustedølen sylta raudløk og smørdampa brokkoli som garnityr, noko som tydelegvis falt i smak hos smaksdommarane Bjørn Hundershagen og Sondre Strand.

Dei var passeleg nøgde med dei ni lærlingane som deltok i konkurransen.

– Nivået er litt ujamt. Noko er bra, noko er dårleg, seier dei to medan dei smaker på det siste bidraget blant dessertane.

– Kremen var skilt, men epla var varme og hadde grei smak, konkluderer Hundershagen.

– Bedriftene må stille

I tillegg til at lærlingane måtte overtyde smaksdommarane, gjekk to plassdommarar rundt og observerte arbeidsteknikk, orden, hygiene og samarbeid.

Bodil Erdalsdal, lærar på vg2 kokk og servitør på Øyrane vgs. og Oldermann (formann) i Kokkenes Mesterlaug Sogn og Fjordane, ønskjer at fleire bedrifter sender lærlingar til konkurransen.

– Det er veldig lærerikt for lærlingane og ei god trening før fagprøva, seier ho.

Artikkeltags