Slik vil ungdom gjere fylket attraktivt

Fredag kom Ingunn Hofland, Audun Moseng, Therese Horn, Ingeborg Strandos og Sunniva Kvalheim med idear for korleis fylket kan bli meir populært. Internasjonal flyplass og bygdefestar med unge og gamle 
står høgt på ynskjelista.

Fredag kom Ingunn Hofland, Audun Moseng, Therese Horn, Ingeborg Strandos og Sunniva Kvalheim med idear for korleis fylket kan bli meir populært. Internasjonal flyplass og bygdefestar med unge og gamle står høgt på ynskjelista. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Dei unge har talt: - Vi vil ha meir levande bygder og byar.

DEL

Vi gir deg alt om korleis valet påverkar deg - BERRE 5 kr for 5 veker

Sogn og Fjordane har hatt svært liten folkevekst dei siste tiåra. Ein stor grunn til dette er at dei unge forsvinn til andre delar av landet. I Balestrand fredag presenterte sentrale ungdomsgrupper sine visjonar for korleis fylket kan bli meir attraktivt for unge å bu og leve i.

– Vi vil hovudsakleg bygge ut eitt stort sentrum i fylket i staden for tre- fire mindre. For å få ungdommen tilbake frå storbyane må vi ha nokre av dei same tilboda som til dømes Bergen. Det er logisk at fellessentrumet blir Førde, sa ei gruppe, som bestod av elevar frå Florø og Eid vidaregåande skuler.

Den andre gruppa ville derimot satse meir på bygda.

– Vi vil helst gjere bygdene meir levande, blant anna ved å skape samlingsplassar for folk i alle aldrar der det skjer mykje. Det er mykje som var betre før, var hovudbodskapet til gruppe nummer to.

Dei bestod av fem elevar frå Eid, Sogndal og Dale vidaregåande skular. Planane vart presenterte på Framtidskonferanse på Kviknes Hotel.

Bygdefest og meir buss

Framtidskonferansen var ein del av 250-års jubileet til fylket, og temaet her var framtidsutsiktene til Sogn og Fjordane.

– Vi ynskjer oss mellom anna internasjonal flyplass og betre tilbod for breiddeidrett i både bygd og by. Vi vil ha betre kollektivtilbod og vil at det skal gå buss mellom Florø, Førde og Sogndal kvar time. Betre busstilbod vil knyte heile fylket tettare saman. Vi vil ha jobbkort for vaksne, som gir dei rabatt for å ta buss til jobb i staden for bil, sa Ingrid Sande, Ida Elise Leikanger og Asmund Hordvik. Dei var gruppa som ville satse mest på bygda.

Dei andre ungdommane meinte at både ungdom og vaksne ynskjer seg betre fritidstilbod.

– Vi vil tilbake dei tradisjonelle bygdefestane alle deltek på. Vi trur også veldig på følgjande dominoeffekt; meir levande bygder vil gjere folk meir fornøgde. Dette aukar arbeidsproduktiviteten deira og gir betre arbeidsmiljø. Dette vil gi fleire søkarar til jobbar og føre til at fleire bedrifter legg arbeidsplassar til Sogn og Fjordane, sa gruppe to, som bestod av Ingunn Hofland, Audun Moseng, Therese Horn, Ingeborg Strandos og Sunniva Fonn Kvalheim.

Dei meinte dette ville vere meir effektivt enn å berre skaffe nye arbeidsplassar i bygdene, fordi arbeidsmiljøet då på langt nær ville bli like godt.

– For dårleg fritidstilbod

Dei to ungdomsgruppene vart valde ut blant mange andre førre helg, på gründercamp i Skei. Her kunne grupper frå alle vidaregåande skuler i fylket melde seg på. Fredag var Kviknes Hotel stappfull av næringslivstoppar, politikarar, studentar og andre unge. Dei følgde godt med då elevane presenterte framtidsvisjonane sine.

Ungdommane trudde at mange i dag eigentleg ynskjer å starte opp fritidstilbod, men var klare på at vaksne, kommune og stat må hjelpe desse meir både økonomisk og med råd.

– Det er kjempedumt at så mange ungdom sitter så mykje stille inne, men det er fordi dagens fritidstilbod er for dårleg. Vi vil blant anna utnytte moglegheiter til vassport meir. Vi vil også ha betre infrastruktur, sa ungdommane.

Artikkeltags