Slik skal dei forsyne byen med fjordvarme

På kartet er raude punkt energisentralar, dei grålinjene er straumnettet, medan den raud linje syner konsesjonsgrensa.

På kartet er raude punkt energisentralar, dei grålinjene er straumnettet, medan den raud linje syner konsesjonsgrensa. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Ved hjelp av Førdefjorden skal Sunnfjord Energi forsyne Førde sentrum med fjernvarme.

Varmen frå sjøvatnet i fjorden skal utnyttast i prosjektet med ein pris på 145 millionar kroner, noko som også gir rett på ein stønad på 20 millionar frå Enova.

– Er det ein plass i Norge det skal gå an å bygge eit slikt anlegg, så er det i Førde med den plasseringa byen har i forhold til fjorden, seier Olav Osvoll, stasjonssjef ved Sunnfjord Energi.

Avhengig av andre

Selskapet jobbar no med optimaliseringa av prosjektet, mellom anna ved å sjå på synergiar med Førdepakken og synergiar med anna infrastruktur.

– Vi er avhengig av å selje inn prosjektet til så mange at vi veit at dette går i orden. Det vil seie at vi er avhengig av aktørar Helse Førde, kommunen og fylkeskommunen med dei vidaregåande skulane, samt private aktørar som handelshuset og hotell, seier Osvoll.

Startar til hausten

Om Sunnfjord Energi får nok kundar til å knyte seg til ein avtale om leveranse frå fjordvarmen vil dei ikkje vente lenge med å starte opp.

– Om vi får til eit godt kundegrunnlag set vi spaden i jorda til hausten, seier Osvoll.

Energiselskapet vil mellom anna stifte Førdefjorden Energi AS når investeringsplanane er klare.

– Kor langt unna realisering av dette føler du de er per i dag?

– Vi har solide medspelarar som kjenner fjernvarme godt, så det tekniske er vi trygge på. Men kundane er så mange som dei er, og det er utfordrande. Det vil bli ei rekke møte no, dei neste månadane, som vil vere avgjerande. Vi må signere kundar utan å ha eit anlegg som er oppe og går, og dei store aktørane må vere med om vi skal få dette til. Meir konkret enn det, er det vanskeleg å vere, seier Osvoll.

Sunnfjord Energi estimerer at det vil ta kring fire år før heile anlegget er bygd ut, om dei kjem i gang hausten 2014.

Artikkeltags