Statens vegvesen har råd til deg som trafikant i slike situasjonar.

Det er to forskjellige tunneltypar i Norge. Den eine har to løp der trafikken i kvar tunnel går i ein retning.

Den andre tunneltypen har berre eitt løp der trafikken går i begge retningar.

Trafikantane skal oppføre seg på ulike måtar i desse tunneltypane.

Begge retningar

I en tunnel der trafikken går i begge retningar:

Vurder situasjonen, dersom mogleg, snu og køyr tilbake der du kom frå. Varsle møtande trafikk. Når du kjem ut, varsle Vegtrafikksentralen om situasjonen gjennom naudtelefon.

Vurderer du det for farleg å snu og køyre ut, sett bilen frå deg på sida av vegen med naudblink på, og kom deg til utgangen.

Same retning

I ein tunnel der all trafikk går i same retning:

Ikkje snu, dette medfører fare. Gå frå bilen og kom deg til nærmaste nødutgang. Her skal du varsle via naudtelefon. Naudutgangen leiar inn i ein gang som går imellom dei to tunnelløpa. Ver forsiktig når du går inn i det andre løpet.

Generelle reglar ved brann eller røyk i tunnel:

  • Køyr aldri inn i en tunnel som er stengt med bom eller raude lys.
  • Bruk helst naudtelefon, ikkje mobiltelefon. Operatørane på Vegtrafikksentralen vil kunne sjå kvar du er via naudtelefonen og kan koordinere utrykking og anna hjelp. Dei vil også stoppe trafikken.
  • Bruk brannsløkkingsutstyret i tunnelen ved brann. Dette vil sørgje for at brannalarmen blir utløyst på Vegtrafikkstasjonen og tunnelen blir stengt for innkøyring.