Slik oppdaga dei brannen

Geir Inge Olsen (t.v) er dagleg leiar for bensinstasjonen, og Bjarne Horsevik sjef for Aase Landbruk som held til i verkstaddelen av bygget som brann måndag.

Geir Inge Olsen (t.v) er dagleg leiar for bensinstasjonen, og Bjarne Horsevik sjef for Aase Landbruk som held til i verkstaddelen av bygget som brann måndag. Foto:

Bjarne Horsevik og Geir-Inge Olsen såg arbeidsplassane bli øydelagt av flammar og røyk måndag føremiddag.

DEL

Supertilbod: 5 kr for alt innhald på nett i 5 veker

- Dette er heilt forferdeleg. Det er ei rysen kjensle, seier Bjarne Horsevik til firda.no sine journalistar på brannstaden måndag. 60-åringen er verksleiar ved Aase landbruk, som har halde til i verkstaddelen av bensinstasjonsbygget.

Oppdaga brannen

Då det braut ut brann i 2. etasje i bygningen i 11-tida måndag føremiddag, var Horsevik ein av dei som først oppdaga brannen, mellom anna saman med Geir-Inge Olsen, som driv bensinstasjonen. Tre timar seinare var begge bedriftene sine lokale fullstendig øydelagde av brann, røyk og vatn.

Såg røyken sive ut

Olsen stod i kassen på bensinstasjonen då han plutseleg oppdaga at røyk seiv ut under pumpeoverbygget utanfor inngangsdøra til butikken. Så fort han kunne sprang han ut og rundt bygget for å gjere Horsevik og dei to andre som var på arbeid i verkstaden merksame på røykutviklinga.

– Så sprang vi rundt på framsida alle saman og såg det kom røyk ut av ein ventil. Etter dette skunda vi oss opp trappa til overetasjen, kor vi høyrte knitring frå innsida av leilegheitene som er der, fortel Horsevik til firda.no.

Store skader

Umiddelbart etter byrja røyk og etter kvart opne flammar å slå inn både i butikken og verkstaden. Naudetatane vart varsla, og brannvesen, ambulanse og politi kom raskt til Sande. Dei kunne likevel ikkje hindre at verdiar for millionar skulle gå opp i røyk, då bygningen seinare vart totalskadd.

Kort tid etter dette byrja røyken å sive inn i verkstaden og det vart slegefull alarm. Brannvesen, politi og helsepersonell kom raskt til staden, til det som utvikla seg til å bli ein totaløydeleggjande brann.

Artikkeltags