Slik loggar du deg på

Artikkelen er over 4 år gammel

Alle som har papiravis, kan logge seg på heilt gratis

DEL

For deg som er Firda-abonnent:

Før du begynner, må du ha klart følgande:

  • Kven som er abonnent
  • Telefonen og telefonnummeret til abonnenten
  • Eposten til abonnenten
  • Fødselsdatoen til abonnenten

På framsida til firda.no, er det ein knapp som heiter «Vil du vere med, så logg på!» Når du er klar, klikkar du på den, slik det er vist i bildet under.

No skal det dukke opp ein traktor på skjermen din, medan sida lastar inn. Etter litt skal du få opp bildet som viser under. Om du er abonnent, og skal logge inn for første gong, klikkar du på «Start her» under der det står «Abonnent». Om du er familiemedlem til ein som er abonnent, skal du trykke på den andre knappen, den til høgre.

Fordi du ikkje har ein brukarkonto på firda.no enda, må du opprette den. Det gjer du ved å trykke på mørke knappen som heiter «Opprett aID». Alle som skal logge seg på firda.no, må ha ein slik brukarkonto.

Her skal du registrere deg. Du fyller inn abonnenten sitt namn, telefonnummer, e-post og fødselsdato. Hugs å krysse av i boksen om at du godtek brukarvilkåra. Etter at du trykker på knappen «Send meg ein eingongskode», får du ei tekstmelding, med ein kode som du skal skrive inn på neste skjermbilde. Når du har gjort det, får du opprette passord.

Etter dette kan du logge deg inn med telefonnummer og passord. Du treng ikkje å logge ut, med mindre du brukar ei maskin utanfor heimen. Slik vil du få tilgang til alle nettsakene på firda.no. Du kan også lese papiravisa på nett, klokka ni kvelden før ho kjem i postkassen.

For deg som har familie som abonnerer på Firda:

  1. Ein familie kan dele på inntil fem tilgangar på firda.no. Det gjer du ved å gå inn på www.firda.no og trykke på «Vil du vere med, så logg på!» i den blå Firda-fana i toppen.
  2. Trykk deretter på «Få tilgang som familiemedlem»-knappen. På den neste sida du får opp, trykker du «Opprett aID».
  3. Fyll ut ditt eige namn, mobilnummer, e-post og fødselsdato, ikkje abonnenten sin informasjon. Pass på å hake av på knappen der det står at du må godta brukarvilkåra.
  4. Du vil då få opplyst at du ikkje er abonnent, men du vil bli spurt om du loggar deg inn som eit familiemedlem. Då må du oppgje den eksisterande abonnenten sitt telefonnummer.

For deg som ikkje er Firda-abonnent:

  1. Gå inn på www.firda.no og trykk på «Vil du vere med, så logg på!» i i den blå Firda-fana i toppen
  2. Her får du velje kva abonnement du vil bestille.
  3. Når du har registrert ditt abonnement, får du tilgang på e-avisa med ein gong, men ikkje det låste innhaldet på nettsida. Du får ei stadfesting på e-post med ein gong, men det tek om lag to dagar frå du har registrert ditt abonnement til du får full tilgang på alt innhald på firda.no.

Vi hjelper deg

Om du har spørsmål om abonnement, aID eller abonnementsaker på firda.no, kontakt oss på telefon 5783 3300.

Artikkeltags