Slik får barnehageungane oppleve meir på tur

Katrine Stubhaug syklar f.v. David Stafsnes (2), Pauline Næss Hallset (3), Storm Austad (2), Marthe Dvergsdal Halvorsen (1), Brage Ty Hetlelid (2), og Nathalie Lundøy Kalgraff (1) heilt ned på småbåthamna på Øyrane I Førde. Der er det mykje spennande å sjå!

Katrine Stubhaug syklar f.v. David Stafsnes (2), Pauline Næss Hallset (3), Storm Austad (2), Marthe Dvergsdal Halvorsen (1), Brage Ty Hetlelid (2), og Nathalie Lundøy Kalgraff (1) heilt ned på småbåthamna på Øyrane I Førde. Der er det mykje spennande å sjå! Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

Borna i Nærleiken barnehage gler seg alltid når dei skal på tur i sykkelvogna.

– Eg har sett ei gravemaskin! fortel Storm Austad.

– Brannbil! seier Pauline Næss Hallset (3).

– Ku! seier Nathalie Lundøy Kalgraff (1).

Dei er i avdelinga «Stallen» i Nærleiken barnehage i Hafstadparken, og er på sykkeltur til småbåthamna på Øyrane i Førde.

Dette er ein tur som eigentleg er alt for lang å gå for små føter sidan avstanden er stor, og tida til å oppleve fort blir knapp når det er mykje spennande ein skal sjå på.

Nye moglegheiter

– Med dei nye syklane opnar det seg mange nye moglegheiter. Vi får gjort ting vi elles ikkje kunne ha rukke å gjere fordi dei er for langt vekke, smiler barnehageassistent Thea Ueland Sætre.

– Etter at vi fekk desse sykkelvognene, får borna oppleve meir av nærmiljøet sitt, seier Ueland.

– Det blir ei heilt anna oppleving når dei sit i vogna. Ungane storkosar seg, seier pedagogisk leiar Lene Bell.

Det er ikkje sår rart. Denne dagen har dei fått sjå både brannbilar, gravemaskiner, kyr og båtar på turen sin. Alt på trygg avstand, men likevel nært, der dei sit godt festa i vogna med hjelmar på.

– Alle borna gler seg veldig kvar onsdag når vi har turdag. Dei synest det er kjempekjekt å vere på sykkeltur, fortel Katrine Stubhaug, og legg til at dei ulike avdelingane i barnehagen har kvar sine turdagar der dei kan bruke sykkelvognene som dei har på deling.

Aktiv barnehage

Dei to sykkelvognene til barnehagen er nye av året, og vart innkjøpt nettopp fordi barnehageborna lettare skal få komme seg på tur, og oppleve meir av nærmiljøet sitt, fortel barnehagestyrar Tone Listau.

– Men er det ikkje tungt å sykle ei slik vogn då?

– Hehe. Dei er elektriske, så ein kan stille inn kor mykje «hjelp» ein vil ha, seier Lene Bell, og legg til at dei vaksne i barnehagen også kan få seg litt ekstra trim om dei ynskjer det.

Artikkeltags