Slik fann han båten sin

Dette synet møtte Rune Timberlid fredag ettermiddag.

Dette synet møtte Rune Timberlid fredag ettermiddag. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

– Burde ha vore knust til pinneved.

DEL

Fredag ettermiddag fann Rune Timberlid båten sin slik i fjøresteinane.

– Eg snakka med ein nabo tidleg fredag morgon. Han brukar å sjå til hytta mi når han er der ute, og eg fekk tilbakemelding på at alt var i orden. Men då det kom nokre kraftige vindkuler utpå dagen her inne i Førde, fann eg ut at eg likevel skulle reise ut for å sjå. Og der fann eg båten liggande slik oppe i fjæresteinane. Det var som om nokon skulle ha løfta den opp med heisekran, og plassert den på ei hylle i fjæra, seier seniorkonsulenten i Lotteri- og stiftelsestilsynet i Førde.

Burde vore knust

Hytta til Timberlid ligg utanfor Eikefjord, nærare bestemt ved Holmesund i Høydalsfjorden.

– Eg er usikker på kor mykje som er skadd på båten. Og det kan godt hende at det er hol i skroget. Uansett har eg tinga time på eit verft i Florø på onsdag. Men i den vinden som har vore i dag, så burde båten ha vore knust til pinneved. Så eg har nok hatt litt flaks oppi uflaksen, seier Timberlid.

Artikkeltags