- Valsonene våre finn du på www.firda.no/val2011. Dette er hovudsona for kommune- og fylkestingsvalet, der du finn utdrag av alt innhald som er publisert i kommunesonene og fylkestingssona.
- Vi har oppretta ei valsone for fylkestinget og ei for kvar av dei 12 kommunane i dekningsområdet vårt (Askvoll, Fjaler, Flora, Førde, Gaular, Gloppen, Gulen, Hyllestad, Høyanger, Jølster, Naustdal og Solund).
- På hovudsida kan du velje kva kommune du vil bidra i eller lese innlegg frå ved å klikke på kartet eller i menyen til venstre for kartet.
- For å leggje ut innlegg, saker, bilete eller registrere arrangement i hendingskalenderen må du bli medlem i sona du ønskjer å bidra i. Meld deg inn ved å trykke på knappen "Bli medlem".
- Dersom du allereie er registrert brukar i Origo, loggar du deg inn med brukarnamnet og passordet ditt. Er du ikkje medlem, registrerer du deg enkelt ved å følgje rettleiingane på skjermen. Registreringa er gratisk og tek berre ein augneblink.
- Firda oppmodar alle medlemmer til å bruke fullt namn og leggje inn eit profilbilete av seg sjølv. Dette styrkjer truverdet og seriøsiteten.
- Når du er medlem i sona kan du leggje inn bidrag og kommentere det andre har lagt ut. Trykk på "Skriv eit innlegg" for å leggje ut eit innlegg eller ei sak. Trykk på "Legg ut bilete" for å leggje ut bilete i sona. Trykk på "Opprett eit arrangement" for å registrere eit arrangement i hendingskalenderen til sona.
- Alt innhald som vert publisert i valsonene kan bli brukt både i Firda og på firda.no. Dersom du vil ha eit lesarinnlegg i valkampen på trykk i papiravisa, må du leggje innlegget inn i den sona det gjeld.