Slår kuldealarm

Dyrebeskyttelsen ber folk passe ekstra godt på dyra sine i kulda.

Dyrebeskyttelsen ber folk passe ekstra godt på dyra sine i kulda. Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

Dyrebeskyttelsen får meldingar om dyr som lid

DEL

Det har den siste tida vore kaldt mange stadar i landet, og Dyrebeskyttelsen i Norge oppmodar alle til å passe ekstra godt på dyra sine. Dei kan fortelje om tilfeller der kattungar har blitt funne med potane frosne fast. Desse har heldigvis klart seg, men ikkje alle er like heldige.

Kattungar har ikkje utvikla retningssans

- Det er absolutt ikkje riktig at kattar klarar seg på eigehand, seier Linn Krogstad i Dyrebeskyttelsen. Ho påpeikar at spesielt kattungar ikkje har fullt utvikla retningssans, og kan såleis få vanskar med å finne heim igjen. Krogstad oppmodar alle dyreeigarar til å merke dyra sine.

Dyrebeskyttelsen har fått fleire henvendingar om kor godt kattar tålar kulda, og deira råd er å sjølv la katten få bestemme om den vil vere ute. Dyret må også ha moglegheit til å kome inn dersom den sjølv vil det.

Følg med på åtferd

Både kattar, kaninar, hundar og andre dyr kan i følgje Dyrebeskyttelsen få frostskadar på utsette område som øyrer, potar og halar. Eit anna problem kan vere urinvegsinfeksjon og mangel på væske.

Artikkeltags