Skulle kjøpe øl - fekk vatn

Illustrasjonsfoto.

Illustrasjonsfoto. Foto:

Artikkelen er over 9 år gammel

Laurdagskosen øydelagt

DEL

Han fekk ikkje akkurat det han hadde tenkt seg, Jon Hopperstad frå Vik, då han opna flaska, som skulle innehalde øl.

Korken skrudd av

– Eg ville kosa meg med den siste flaska som stod i kjøleskapet. Korken vart skrudd av og glaset fylt opp. Fargen stemde slett ikkje og det var fint lite med skum. Innhaldet var rett og slett reint vatn. Når eg tenkte meg litt om, var forseglinga på korken broten, seier Jon Hopperstad til Sogn Avis.

Lang i maska

– Eg vart lang i maska – kan du vita, seier 68-åringen.

– Kva tenkte du?

– Eg var galen akkurat med det same og har aldri i mine levedagar opplevd liknande. No ler eg av episoden til avisa.

Sabotasje?

Kommunikasjonssjefen Nicolay Bruusgaard i Ringnes veit ikkje kva som har gått gale.

– Det kan ikkje ha skjedd på tappelina vår. I dette tilfellet trur eg på gutestrekar. Det kan òg vera snakk om sabotasje på vårt produkt og då blir det straks ei meir alvorleg sak, seier Bruusgaard.

Artikkeltags