På torsdag reiste medie- og kommunikasjonselevane Stine Bortheim og Erik Nyland til Brüssel på oppdrag. Dei vart nemleg plukka ut til å lage ein film frå organisasjonen Junior Achievement Europe si lansering av sin nye læringsplattform.

120 lærarar frå 22 land, inkludert ti lærarar frå Norge, har tatt turen. Målet for konferansen er å lære opp lærarar som har utmerka seg innan entreprenørskap, til å lære opp endå fleire i heimlandet sitt.

– Vi høyrde om oppdraget og vart gira med ein gong. Vi søkte, gjekk på intervju, og fekk oppdraget. Vi er utruleg glad for det, for dette er utruleg lærerikt og moro, seier Stine Bortheim.

Les også: Til Sverige for å lage film

Hektisk

Dei kom fram til Brüssel på torsdag morgon og fekk ein liten time til å rigge opp før arbeidet var i gang.

– Det vart ganske hektisk, og vi dreiv på heilt til klokka ti den første kvelden. Då var det godt å komme tilbake til hotellet, seier Stine og ler.

Ole Johnny Devik er lærar på Mo og Jølster vidaregåande og er òg deltakar på konferansen. Han er stolt over elevane sine og verkar imponert over arbeidet deira.

– Dei har stått på i to heile dagar, og vi kjem til å komme heim med alvorleg store mengder opptak, seier han.

Blir vist i 22 land

Filmen dei lagar består av intervju av leiarar og lærarar som befinn seg på kurset, og skal bli vist i heile 22 land i Europa.

– Målet med filmen er at den skal vere ein del av startpakka til desse lærarane når de skal tilbake til landa sine og drive opplæring, seier entreprenørlæraren Ole Johnny Devik.

Filmen, som skal vare i fem minutt, skal vise spanande intervju med både leiarar høgt oppe i Junior Achievement Europe og Ungt Entreprenørskap, i tillegg til deltakarane.

– Elevane har filma gjennom heile konferansen og skal òg filme undervisningssituasjonar når dei kjem heim til Norge, seier han.

Om to veker skal første utkast vere ferdig.

Gir meirsmak

Både Stine Bortheim og Erik Nyland går begge tredje året på media og kommunikasjon på Vassenden, men oppdraget for Junior Achievement Europe er ikkje ei skuleoppgåve.

– Dette er noko vi gjer på vår eiga tid. Når vi kjem heim til Norge er det rett i redigeringsrommet, seier Stine.

Stine sine planar for vidaregåande har vore å bli grafikar, men ho tykkjer oppdraget i Brüssel har gitt meirsmak.

– Vi har jo knytt mange gode kontaktar, og det har vore veldig moro. Så kven veit, seier ho lurt.

I morgon reiser ho og klassekamerat Erik heim til Norge.

– Det har vore ei fantastisk oppleving! seier dei.