Skuffa Høgre-leiar: – Det måtte damer inn òg

VONBROTEN: Bjørn Lødemel ville blitt ein god landbruksminister, seier fylkesleiar i Høgre, Arve Mjømen.

VONBROTEN: Bjørn Lødemel ville blitt ein god landbruksminister, seier fylkesleiar i Høgre, Arve Mjømen. Foto:

Artikkelen er over 6 år gammel

– Det måtte damer inn i regjeringa òg, seier leiar i Sogn og Fjordane Høgre, Arve Mjømen som forklaring på at Bjørn Lødemel ikkje vart landbruksminister.

DEL

«Høgre sin framgang i Sogn og Fjordane bør honorerast med at Bjørn Lødemel vert landbruksminister i den nye regjeringa», sa Mjømen valnatta. No må han konstatere at fylket ikkje er representert med ein einaste statsråd.

Kva seier du no?

– Eg meiner at det må vere lov å uttrykke litt vonbrot no over at ikkje vi er tilgodesett med ein statsråd. Men det er ein stor kabal som skal gå opp, det er kjønnshensyn som skal takast, det er eit spørsmål om erfaring, og ikkje minst er det to parti som skal fordele 18 statsrådpostar mellom seg. Så eit visst forsvar for situasjonen finn vi no, men eg kan ikkej seie anna enn at eg er skuffa over at vi ikkje fekk inn Bjørn. Han ville ha vore ein god statsråd for landbruk, seier Mjømen.

Du meinte og at Bjørn Hollevik burde vere eit aktuelt navn som statssekretær, og då spesielt i olje- og energidepartementet. Ser det ut som det kan bli noko av?

– Det veit eg lite om. Eg snakka med Oslo i går, og eg veit ikjke om dei er ferdige med det, men eg trur jo at ein del av statssekretærane og deo politiske rådgjevarane er på plass allereie. I går kveld sto det ingen navn frå Sogn og Fjordane på dei blokkene heller. Men ting kan enno skje, var det som vart sagt i går kveld.

Står ribba tilbake?

Vil det ikkje vere betenkeleg om ikkje Sogn og Fjordane får eitt einaste navn inn, korkje blant statsrådar, statssekretærar eller politiske rådgjevarar?

- Jau, det er det. Men no kjenner eg ikkje til Frp sin kabal. Når landbruksministeren forsvann ut av nevane på oss var det nok meir tufta på at det måtte damer inn i regjeringa og. Regelen er no at det skal vere nokonlunde lik kjønnsfordeling.

- Korleis skal vi få arbeidd for å plassere oljeaktivitet i fylket, når dei statsrådane som er frå Vestlandet kjem frå Hordaland og Rogaland?

Statsrådar ikkje avgjerande

– Eg trur ikkje det skal vere noko heft. Ein treng ikkje ein statsråd på plass for å få til noko i Sogn og Fjordane. Vi har jo vore godt stelt med statsrådar frå fylket dei siste åtte åra, men det skulle vore artig å gjere ein research på kva vi har oppnådd av den grunn.

Men med statssekretærar og rådgjevarar er det snakk om meir enn femti stillingar. Og ikkje eitt navn frå Sogn og Fjordane?

– No er ikkje heile prosessen heilt ferdig enno. Men det er klart, det å ha eit nettverk, og gode kontaktar inn i regjeringa, det er veldig viktig, og der kunne statssekretærar eller politiske rådgjevarar ha gjort ein god jobb. No blir i alle fall det å skape seg slike nettverk veldig viktig.

Høgre-veljarar snotne?

Kan du forstå det om Høgre-veljarar i Sogn og Fjordane føler seg litt snotne no?

– Tja, eller helst nei, her er jo no ei regjering som har laga ei politisk plattform som vil gagne Sogn og Fjordane, spesielt kva gjeld samferdsle.

Er det rett og slett ikkje dyktige nok folk i Høgre i Sogn og Fjordane til at dei er aktuelle i regjeringa?

– Eg trur ikkje det er der det ligg. Det er mange dyktige å velje mellom, men det er 19 fylke i dette landet,og to parti skal dele 7 og 11 departement. Når det så og er ein kjønnskabal som skal gå opp, så blir det ikkje så lett.

Artikkeltags