Skremt av presset

- Vi er skremde over alle uttaler som no kjem for å presse fram gruvedrift i Engebø, seier Lin Hjelmeland i Naturvernforbundet.

- Vi er skremde over alle uttaler som no kjem for å presse fram gruvedrift i Engebø, seier Lin Hjelmeland i Naturvernforbundet. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Naturnvernforbundet mobiliserer mot gruvedrift.

DEL

Gå hausten i møte - BERRE 88 kr for 8 veker med papiravisa og alt innhald på nett

Det seier fylkessekretær i Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane, Lin Hjelmeland. Forbundet registrerer at kampen om Engebøfjellet og miljødeponi no har spissa seg kraftig til, med krav både frå Senterpartiet og Høgre om eit snarleg ja til gruvedrift. Alarmen har gått i fylkeslaget, og årsmøtet i helga vil bli brukt til mobilisere både faglege argument og eit folkeleg engasjement mot eit deponi i Førdefjorden, opplyser fylkessekretæren som meiner det seier sitt om beredskapsnivået i gruvesaka at leiar Lars Haltbrekken kjem til Førde.

– Dette er første gong Haltbrekken stiller på årsmøtet vårt. Sogn og Fjordane har høg prioritert for tida. Fylket står i sentrum med store saker som fjorddeponi og E39, seier Hjelmeland.

Opne møte

Etter at årsmøtet er avvikla laurdag blir det torgmøte ved kunstmuseet der mellom andre Lars Haltbrekken skal halde appell. Etterpå blir det ope møte i Storehagen Atrium. Her stiller rådgjevar i vernesaker, Mads Løkeland, spørsmålet om gruvedrift er framtidsnæring eller naturrasering, mens Jan Helge Fosså i Havforskingsinstituttet tek opp Førdefjordens økologi med spørsmålet: Kvifor kjem spekkhoggarane?

– Spekkhoggarane i Førdefjorden førre helg kom som bestilt, seier Hjelmeland som poengterer spekkhoggar-vinklinga er eit symbolsk påheng.

– Politikarane trur ikkje på det dei ikkje ser, og har sagt at fjorden ikkje er spesielt rik på artar. Når spekkhoggarane kjem inn fjorden, så er dei eit mektig syn som kan ta vekk skylappane og fortelje at fjorden har eit biologisk mangfald som er viktig å ta vare på, seier Hjelmeland.

Inviterer Navarsete

Naturvernforbundet har invitert kommunal og regionalminister Liv Signe Navarsete til møtet.

– Vi håpar ho har lyst til å komme og fortelje dei som bur rundt Førdefjorden, korleis det er fysisk mogleg dumpe avfallsmassar i fjorden kvart sekund, kvar time i døgnet i 50 år utan miljøkonsekvensar, seier Hjelmeland.

Alle politiske parti blir inviterte til møtet.

– Vi skal behandle politikarane pent og ta hjarteleg imot dei. Vi kan by på debatt og ein smak av mat frå fjorden, seier Hjelmeland.

Naturvernforbundet tykkjer det er sjølvmotseiande at dei politiske partia seier ein skal ta omsyn til miljøet, men pressar knallhardt på for ei utbygging på Engebø.

– Partia snur i forhold til kva dei tidlegare har sagt, trass i at saka står sterkare i eit miljøperspektiv no, og at fleire faglege innspel viser at fjorddeponi ikkje er ei trygg sak, seier Lin Hjelmeland.

- Må ha plan B

Naturvernforbundet har ingen slagplan dersom regjeringa godtek fjorddeponi.

– Det blir sagt og spekulert mykje om kva Naturvernforbundet gjer dersom regjeringa går for fjorddeponi. Blir det utfallet, må det komme ein plan B, seier fylkessekretær Lin Hjelmeland.

– Vi har prøvd å tru at eit klarsignal ikkje vil vere mogleg. Konsekvensane er så iaugefallande og prosjektet så stort at vi nesten ikkje greier å fatte det, seier fylkessekretæren som ikkje forstår hastverket til enkelte politiske parti.

– Vi må ta innover oss at dei som skal ta avgjerda, ikkje lever den dagen vi ser konsekvensane for alvor. Vi kan gjere vedtak for kommande generasjonar som kan vere uopprettelege, seier Hjelmeland.

– Mineralane har lege der millionar av år, og kan ligge der til komande generasjonar, til ein eventuelt finn berekraftige måtar å drive gruva og nytte restavfallet på, seier ho.

Artikkeltags