Gå til sidens hovedinnhold

Skogsholm døypte «Bygstadskipet» i mjød

Artikkelen er over 17 år gammel

Sommaren er båtsesong, men det er få som går til det steget at dei kjøper sitt eige vikingskip. Så når skipet skal døypast må det ei verdig gudmor til, og sjølve samferdselsministeren la turen om Bygstad for å utføre dåpen.

Som seg hør og bør vart skipet døypt i mjød, brygga på vikingars vis.

Etter nokre turar mot skipssida, og litt mjødsprut utover gudmor Torill Skogsholm, måtte muggen med mjød gje delvis tapt, og dåpen vart godkjent av tilskodarane, med ein stor applaus.

Turistbrosjyre

«Bygstadskipet» med roarar kledd i vikingdrakter kunne sigle inn fjorden mot Osfossen, før turen gjekk utover fjorden til Svesundet.

Kaia i Eidevik var som teken ut av turistbrosjyre og skapte ei nydeleg ramme rundt dåpsfesten.

Samferdsleministeren kom dit etter å ha køyrt den kronglete og smale Saltkjelen saman med Gaular-ordførar Jenny Følling.

I Bygstad vart dei helsa velkomne med kappleik og felespel, og Olav Birkeland synte dei rundt på den gamle tønnefabrikken.

Måtte berre ha skipet

Eigarane av skipet, Merete Larsmon og Helge Kårstad, følgde stolt med på dåpen saman med skipsbyggjar Jakob Helset.

Larsmon og Kårstad leigde først «Bygstadskipet» i fjor sommar, men entusiasmen var så stor at dei berre måtte ha det til odel og eige. Og eldsjelene håpar at det kan bli brukt av både turistar og bygdefolk.

Skipet er nummer 13 i rekkja av vikingskip som Helset har bygd. Det er bygd med utgangspunkt i Gokstad-skipet. Byggjaren poengterte at skipet ikkje var ein kopi, men det han ville kalle ein original, og at 13 ikkje tydde ulykke, trass sitt rykte.

Det sirleg utskorne dragehovudet skremmer tankane tilbake i tid, til det ein har høyrt om då Dalsfjorden bar mang eit vikingskip, med kongsmenn og jarlar, i fred og i strid.

Skjolda langs skipssida vitnar om dei mange nærkampane vikingtoktene bydde på, mens årene ligg der og vitnar om tunge tak.

Skogsholm runda av dåpstalen sin med å love å følgje gudbarnet si ferd i framtida, og ville ha oppdateringar med jamne mellomrom, noko Merete Larsmon nikka samtykkjande til.

Ekte vikingkost

Etter dåp av eit vikingskip høyrer ekte vikingkost til, og samferdselsministeren fekk servert suppe på vikingars vis.

Utfordringa låg i å ete suppe på flat tallerken, men den utfordringa løyste dei inviterte etter litt demonstrasjon frå drivne «vikingar».

Det vart skore hol i toppen av ein stor kveitebolle, før suppa vart ausa nedi, og den kraftige kjøtsuppa kunne etast saman med tytebærsylte frå bollen som trekte til seg kjøtkrafta.

Skogsholm takka for seg med å seie at vikingdagen i Bygstad hadde vore ei skikkeleg «ut av seg sjølv oppleving» for henne.