Skal mobbinga til livs

Venke Nordeide med elevar på Øyrane og Mo vidaregåande skule.

Venke Nordeide med elevar på Øyrane og Mo vidaregåande skule. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Nytt mobbeombod reiser no rundt på dei vidaregåande skulane.

DEL

I juni i år vart elev- og lærlingombod Venke Nordeide utnemnd til mobbeombod.

Under den årlege haustturneen på dei vidaregåande skulane i fylket, setter ho difor ekstra søkelys på mobbing i år.

Nordeide har no besøkt alle dei vidaregåande skulane i Sogn og Sunnfjord, medan Nordfjord står for tur.

Engasjerte elevar

Til no har ho møtt stort sett alle som går førsteåret på vidaregåande, i tillegg til elevråda, som tek med seg informasjonen til resten av elevane.

– På skulane er det mange som har komme bort og sagt at dei synest det er bra og fint at eg brukar skulemøta til å snakke om mobbing. Det seier meg at det kanskje har vore naudsynt, seier Nordeide.

Ho er godt nøgd med at skulane allereie har sett i gong arbeidet med kampanjen. Der klassane skal diskutere kva som skal til for å få eit godt klassemiljø.

– Eg er spent på korleis det går vidare, seier Nordeide.

Ta kontakt tidleg

Som elev- og lærlingombod, får Nordeide somme tider telefonar frå ungdom som vurderer å slutte, eller som av ulike årsaker mistrivst på skulen.

I samtalen med eleven, kan det av og til komme fram tilhøve som minner om mobbing, men det kan vere vanskeleg å seie ordet.

– Kva vi kallar det er ikkje så viktig. Det viktig er at alle kjenner seg vel på skulen. Difor er det viktig at dei som ikkje trivst, tar kontakt så tidleg så mogleg, slik at vi kan finne ut korleis det kan bli betre, seier ho.

Det er denne diskusjonen elevane skal ta opp i klassediskusjonane. Kva skal til for å få eit betre klassemiljø, og kva kan gjerast betre. Ombodet meiner det er viktig å stille spørsmåla om korleis miljøet er i klassen, om noko må gjerast, og ikkje minst korleis.

Ho håpar også at diskusjonar om mobbing kan skje utanfor skulen, til dømes rundt middagsbordet, fordi det å vere medviten problematikken kan verke førebyggande.

– Eg trur at mange kan ha godt av å bli minte på at det ikkje er alle som trivst så godt som dei burde.

Artikkeltags