Skal kjempe for lokalsjukehus

Bjørg Bergheim frå Jølster er ny leiar i Senterkvinnene sitt sentralstyre.

Bjørg Bergheim frå Jølster er ny leiar i Senterkvinnene sitt sentralstyre. Foto:

Artikkelen er over 8 år gammel

Den nye leiaren i Senterkvinnene er frå Jølster.

DEL

Bjørg Bergheim frå Jølster var søndag valt til ny leiar i Senterkvinnene sitt sentralstyre.

- Eg er både audmjuk og stolt i høve til dei utfordringane eg har fått, seier Bergheim i ei pressemelding.

Desentralisert tilbod
Som leiar i Senterkvinnene sitt sentralstyre vert Bergheim også medlem i sentralstyret til Senterpartiet.

Senterkvinnene rustar seg til kamp på fleire politiske område. Dei seier blant anna at samhandlingsreforma ikkje må verte ei samanslåingsreform, og at dei nye tilboda ikkje må komme i staden for dagens lokalsjukehus.

- Reforma meiner reforma må vere med å sikre eit desentralisert akuttilbod og fullverdig tilbod til fødande, uttaler Senterkvinnene.

Skuffa over LO
Eit anna sentralt tema på landsmøtet var likeløn, og Bergheim sa at ho er skuffa over at LO før lønsforhandlingane gav opp kravet om å omsetje Likelønskommisjonen sine konklusjonar til handling.

- Det må vere eit ufråvikeleg krav frå Senterkvinnene at vi får styrka kvinner sine rettar og moglegheiter i arbeidslivet, seier Bergheim.

Ei av målsetjingane til Senterkvinnene er å få fleire kvinner til å engasjere seg i politisk arbeid.

Artikkeltags