Skal gjere taremat populært

Desse skal gjere tang og tare til populær mat hos nordmenn gjennom firmaet Seaweed. F.v.: Prosjektleiar Lill Ann Gundersen frå Norges Vel, Even E. Erga frå The Northern Company AS, Daniel Fedøy, styreleiar i Seaweed AS, Zoe Christiansen frå The Northern Company og Ruben Fedøy, styremedlem i Seaweed AS.

Desse skal gjere tang og tare til populær mat hos nordmenn gjennom firmaet Seaweed. F.v.: Prosjektleiar Lill Ann Gundersen frå Norges Vel, Even E. Erga frå The Northern Company AS, Daniel Fedøy, styreleiar i Seaweed AS, Zoe Christiansen frå The Northern Company og Ruben Fedøy, styremedlem i Seaweed AS. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

I Bulandet og Værlandet er det sett i gang eit nyskapande arbeid. Dei skal gjere tang og tare om til delikatesser.

DEL

Supertilbod: 5 kr for alt innhald på nett i 5 veker

– Vi har etablert Seaweed AS fordi vi vil skape aktivitet på Værlandet og Bulandet, og fordi vi trur taredyrking- og foredling kan skaffe mange arbeidsplassar langs kysten.

Det seier Audun Oddekalv, dagleg leiar i det nyetablerte firmaet Seaweed, og deleigar av Værlandet Fiskeredskap AS.

– Også i vårt eige lokalsamfunn Værlandet-Bulandet, med sine 500 fastbuande, ser vi moglegheiter for ny næringsverksemd innan makroalgar, held Oddekalv fram og smiler.

Det er personane bak firmaa Værlandet Fiskeredskap AS og Nikøy Eigedom som har etablert og eiger Seaweed. Bedrifta skal basere den framtidige drifta si på dyrking, foredling, mottak og produksjon av tang og tare.

– Det er utruleg kjekt at vi startar dette her, det er ikkje så ofte nye verksemder vert etablert på øygruppa vår, seier Ruben Fedøy engasjert.

Han eig Nikøy Eigedom, er fiskar og styremedlem i Seaweed, og har budd på Bulandet i størstedelen av livet sitt. Seaweed AS har gått inn som partner i eit nystarta bedriftsnettverk, eit samarbeidsprosjekt der også firmaa Hortimare AS, The Northern Company AS, og den uavhengige næringsutviklingsorganisasjonen Norges Vel er med.

– Perfekt på Bulandet

Seaweed sitt mål er å ha tareprodukt ut på marknaden innan neste sommar.

– Men vi kan enno ikkje seie noko om kva slags produkt dette vert, seier prosjektleiar Lill-Ann Gundersen frå Norges Vel.

Ifølgje ho finst det ikkje nokon kommersielle matprodukt på den norske marknaden i dag, basert på algar dyrka her til lands.

– Og det er nett det partnarane i bedriftsnettverket skal drive med, seier Gundersen.

Zoe Christiansen frå firmaet The Northern Company fortel at forholda generelt ligg godt til rette for tareproduksjon i Norge.

– Men kring Værlandet-Bulandet er dei perfekte. Sidan øygruppa ligg heilt ut mot storhavet, er vatnet her veldig reint.

Seaweed har søkt konsesjon til dyrking av makroalgar på austsida av Værlandet.

– Og alle tilbakemeldingar vi har fått så langt, tyder på at denne vil komme på plass i løpet av juli eller august, fortel Oddekalv.

Sikre på å lykkast

Han og dei andre i Seaweed er sikre på at dei kjem til å lykkast med å gjere norsk tang populær hos norske ganar.

– Dei siste åra har fleire og fleire nordmenn vorte klar over kor godt alternativ dette er til annan type mat. Tareproduksjon er miljøvennleg og eit veldig godt vegetabilsk supplement til måltid. Dessutan er det utruleg sunt og smakfullt, smiler Christiansen.

Ifølgje Gundersen kunne ikkje kompetansen samla i bedriftsnettverket ha vore betre.

– Og det er også ein stor grunn at vi trur vi vil lykkast. Vi skal nytte det nedlagde fiskemottaket på Bulandet til foredling av taren.

Artikkeltags